Påske i biologi
I dette forsøket skal du undersøkje passiv transport gjennom cellemembranar ved å studere ei stor celle, nemleg eit egg.
I denne aktiviteten frå miljolare.no dreg de til næraste by eller tettstad for å kartleggje førekomst av fuglar. Er det slik at fuglane har tilpassa seg eit liv i byen og blitt meir urbane?
Feltarbeid: Mangfald og konkurranse på fuglebrettet
Om vinteren er kvar dag ein kamp for å unngå sveltedøden for mange småfuglar. Forbrenninga er på sitt høgaste på denne tida av året, og samtidig er det ofte dårleg tilgang på mat. Dei fleste fuglar er aktive om dagen, og den korte perioden med dagslys bruker dei stort sett til å leite etter mat eller halde seg i ro for å spare energi.
Denne situasjonen gjer at mange fuglar har lettare for å nærme seg menneske om vinteren. Lag ein fôringsplass for å hjelpe fuglane med å få i seg nok energi og nytt moglegheita til å studere fuglane på nært hald.
I denne oppgåva gjeld det å ikkje sjå i kryss. Her er det egg i lange banar, på brett og pallar, i stablar og etasjar. Klarer du å finne ut kor mange egg det er totalt?
Påskenøtter er sjølvsagt ikkje nøtter i botanisk forstand, men omgrepet kan brukast som ein inngang til fagstoff om korleis planter har tilpassa seg spreiing. Kanskje de får lyst til å kjøpe inn ulike typar frukt, undersøkje dei og smake på dei? Det kan bli ei interessant og smakfull økt!
Åtferd og eggproduksjon hos fjørfe (naturbruk)
Til liks med andre fuglar formerer fjørfe seg ved å leggje egg. Fjørfe som lever fritt i naturen, har spesielle periodar på året når hormonsystema gir signal om at no er det på tide å leggje egg og klekkje eit nytt kull kyllingar.
I mars kjem keisarpingvinane opp på land i Antarktis. I månadene før har dei levd i havet og ete kril, fisk og blekksprut. Det tek berre nokre få dagar før alle keisarpingvinane er samla. Dei skal no leggje ut på ei lang og kald reise sørover, bort frå det opne havet der dei kan finne mat.
Keisarpingvinane spaserer over det frosne havet i vekevis. Det er eit mysterium korleis dei klarer å finne vegen til reisemålet – hekkeplassen der dei alle saman sjølv blei fødde ein gong.
Det biografiske kostymedramaet Creation gir oss eit glimt av livet til Charles Darwin rett før han publiserte den banebrytande evolusjonsteorien sin i Artenes opprinnelse (On the Origin of Species).
Kanskje får vi svar på eit av dei største spørsmåla til evolusjonen: "Var det høna eller egget som kom først?"
Relatert innhald
Samling med aktivitetar, film og fagstoff som passar i tida før påske.