Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: Mangfald og konkurranse på fuglebrettet

Lag ein fôringsplass for fuglar. Observer og registerer artsmangfald og konkurranse.

Bakgrunn

Om vinteren er kvar dag ein kamp for å unngå sveltedauden for mange småfuglar. Forbrenninga er på sitt høgaste på denne tida av året, og samtidig er det ofte dårleg tilgang på mat. Dei fleste fuglar er aktive om dagen, og den korte perioden med dagslys bruker dei stort sett til å leite etter mat eller halde seg i ro for å spare energi.

Denne situasjonen gjer at mange fuglar har lettare for å nærme seg menneske om vinteren. Lag ein fôringsplass for å hjelpe fuglane med å få i seg nok energi, og nytt høvet til å studere fuglane på nært hald.

Føremål

Føremålet med feltarbeidet er å bli kjend med nokre vanlege fugleartar, kartleggje førekomst og observere åtferd.

Framgangsmåte og resultat

  1. Planlegg og lag ein fôringsplass for fuglar. Kva er viktig å tenkje på for å unngå spreiing av sjukdommar?
  2. Plasser fôringsplassen slik at det er lett å observere sjølv om de sit inne. For å sleppe å sitje og observere mange timar i strekk kan de setje opp eit kamera og filme kontinuerleg.
  3. Prøv ut ulike typar fôr, og sjå om det påverkar kva artar som vitjar fôringsplassen. Korleis kan de få større artsmangfald på fuglebrettet?

    Forslag til ulike typar mat på fôringsplassen (fuglevennen.no)

  4. Noter vêr, temperatur og tid på dagen.
  5. Registrer og tel talet på individ av ulike fugleartar og andre dyr i løpet av ein bestemt periode. Set opp eit kamera som fangar opp det som skjer når de ikkje har høve til å sitje og observere.
  6. Observerer de konkurranse mellom artar på fôringsplassen? Kva med konkurranse innan same arten? Beskriv det de observerer (åtferd, kva artar som er involverte, utsjånaden til individ som dominerer, og anna). Er det andre dyr enn fuglar som konkurrerer om næringa?

Konklusjon

  • Ut frå de har observert: Kva effekt har tilgangen på ulike typar mat på fôringsplassen?
  • Forklar åtferd de har observert, ved å bruke faguttrykk som abiotiske faktorar, biotiske faktorar, konkurranse, næring, art, habitat, nisje og biologisk mangfald.

Vidare arbeid

Lag ein dokumentarfilm frå fuglebrettet. Bruk verkemiddel frå sjangeren naturfilm med dramatisk musikk, scener bygde opp for å skape spenning og kommentarar med innleving og alvor. Flett inn relevante fagord på ein naturleg måte.

Relatert innhald

Kjelder

Fuglevennen. (u.å). Fugler ved fôringsplassen. Henta 25. januar 2021 frå https://www.fuglevennen.no/aktiviteter/foringsplassen/?vis=rettleiing

Hogstad, Olav. (2015, 14. januar). Slik overlever småfuglene vinteren. Henta 25. januar 2021 frå https://forskning.no/dyreverden-fugler/slik-overlever-smafuglene-vinteren/518989

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Feltarbeid om vinteren