Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: Plantar i kulda

Vinteren kan vere ei hard årstid, også for plantane. Undersøk kva tilpassingar plantar gjer for å overleve vinter og kuldegrader.
Grøn grein med knoppar og tornar dekte av is. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med dette feltarbeidet er å øve på artsbestemming av buskar og tre om vinteren og å undersøkje tilpassingar plantar gjer for å overleve vinteren.

Førearbeid

Diskuter i klassen:

  • Kva utfordringar trur de plantar har med å overleve kulde?
  • Korleis kan plantane løyse desse utfordringane?

Før de går ut, tenk gjennom:

  • Kva finn vi om vi opnar ein knopp på ein kvist?
  • Kvar finn vi levande celler i ein stengel frå ein tofrøblada plante?
  • Om vatnet i ei celle frys, vil det danne seg iskrystallar i cella. Det vil vere katastrofalt sidan iskrystallar dannar sylspisse former som lett kan øydeleggje cellemembranen og andre strukturar i cella. Korleis kan levande celler overleve i kalde periodar?

  • Finst det likskapar i oppbygninga hos vintergrøne blad og hos blad som blir felte om hausten?

Framgangsmåte

Innsamling og artsbestemming

  1. Gå ut og samle inn kvister med knoppar og blad frå vintergrøne buskar eller tre. Finn de nokon av dei buskane og trea som er omtalte i artikkelen «Buskar og tre om vinteren»?
  2. Artsbestem så mange av kvistene som mogleg. Bruk Flora over trær om vinteren frå Norsk Botanisk Forening.
Nærbilete av kvist med knoppar. Foto.

Disseksjon av knoppar og raklar

  1. Bruk pirkenål, skalpell og lupe, og undersøk kva som skjuler seg inni ein knopp. Disseker gjerne fleire knoppar, og samanlikn knoppar frå ulike treslag. Kva likskapar og forskjellar finn de?
  2. Teikn eller ta bilete av dei plantedelane de klarer å kjenne att.
  3. Disseker de har funne. Forsøk å finne ut om dei er hann- eller horaklar.
Mikroskopbilete av eit tverrsnitt av ein plantestengel. Foto.

Kvister og stenglar

  1. Lag eit tverrsnitt av ein stengel, og undersøk han under lupe.
  2. Kvar finn de levande celler i tverrsnittet?

Blad frå vintergrøne plantar

Nærbilete av ein barlindkvist. Han har to raude, bærliknande kongler. Foto.
  1. Studer forma og utsjånaden til blada.
  2. Samanlikn med blad som blir felte om hausten. Finn likskapar og forskjellar.

Diskusjon

  • Dersom vatnet i plantecellene frys, blir cellene øydelagde. Korleis kan plantane unngå at vatnet i dei levande cellene frys?
  • Kva er det som er spesielt med forma/oppbygninga til dei vintergrøne blada, og som gjer det mogleg for planten å behalde blada på heile året?

Relatert innhald

Det er fullt mogleg å artsbestemme tre og buskar om vinteren. Dei fleste artar har ikkje blad om vinteren, men det er mange andre kjenneteikn vi kan bruke.


CC BY-SASkrive av Gunvor Berge og Tone Fredsvik Gregers. Rettshavar: Skolelaboratoriet for biologi, UiO.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Feltarbeid om vinteren