Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: Spor og sporteikn

Det er ikkje alltid så lett å observere større dyr når vi er ute i naturen. Mange av dei er sky og mest aktive om natta. Å leite etter spor og sporteikn er derfor eit fint høve til å kartleggje kva dyr som finst i eit område.
Harespor i snøen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette feltarbeidet skal de gå ut og leite etter spor og sporteikn frå små og store dyr.

Førearbeid

  • Kva dyr kan de forvente å finne spor av når de går ut for å leite?
  • Kva andre sporteikn enn fotavtrykk i snøen kan de observere om vinteren, trur de?

Framgangsmåte

Små granskot ligg på snøen. Ekorn har ete hannknoppar. Foto.
  1. Gå ut og bruk sansane dykkar til å observere så mange sporteikn som mogleg.
  2. Sjå etter sporstempel (spor i snøen), ekskrement, gulpebollar, urinmerke, beitespor på tre, restar etter måltid, «», kongler som er etne på, og andre ting.
  3. Nokre av sporteikna kan det vere best å fotografere, mens andre kan de samle inn. Sporteikn som ekskrement, gulpebollar og kongler kan de samle inn slik at de kan undersøkje dei nøyare når de er inne att.

Åtvaring

Ekskrement kan innehalde parasittar og sjukdomsframkallande mikroorganismar og virus.

Ekskrement frå raudrev skal ein aldri ta på, sidan dei kan innehalde egg frå dvergbendelorm. Bendelormen
kan bruke eit menneske som mellomvert, og han kan vere dødeleg.

Nærkontakt med muse-ekskrement kan føre til at ein blir smitta av eit virus som gir musepest. Musepest kan i alvorlege tilfelle gi nyresvikt hos menneske.

Resultat

  • Lag ei oversikt over alle spor og sporteikn de observerte. Finn ut kva dyr som har laga dei ulike sporteikna.
  • Om de samla inn gulpebollar, kan de undersøkje dei i ei lupe. Klarer de å finne ut kva dyret har ete?

Vidare arbeid

Fordjup dykk i vinterbiologien til eitt eller fleire av dyra de fann sporteikn etter. Korleis overlever dette dyret dei tøffe forholda om vinteren?

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Gunvor Berge og Tonje Fredsvik Gregers. Rettshavar: Skolelaborartoriet i biologi, UiO.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021

Læringsressursar

Feltarbeid om vinteren