Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: Finst det liv i snøen?

Undersøk om det finst liv i snøen, og finn ut om det stemmer at du får mark i magen om du et snø.
Eit lite barn med lue og skjerf slikkar på ein snødekt istapp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette feltarbeidet skal de undersøkje om det finst levande organismar i snø.

Hypotesar

Lag hypotesar om liv i snøen før de går ut. Til dømes: «Stemmer det at vi får mark i magen av å ete snø?»

Framgangsmåte

  1. Gå ut og ta prøver av snø frå ulike område eller ulike lag i snøen.
  2. Lag mikroskoppreparat av snøvatnet, og undersøk om det inneheld liv. Teikn figurar, ta bilete, eller beskriv utsjånaden til levande materiale de observerer.
  3. Estimer mengda levande materiale i synsfeltet ved 40 eller 100 gongers forstørring. Bruk desse kategoriane:

    • ingenting

    • opptil 10 individ

    • 10–20 individ

    • fleire enn 20 individ

  4. Undersøk om det skjer ei endring i snøvatnet om det får stå i romtemperatur over tid:

    Overfør snøvatnet til behaldarar som kan dekkjast til med plastfolie eller lok slik at vatnet ikkje fordampar. La vatna stå ved romtemperatur. Lag mikroskoppreparat med nokre dagars mellomrom for å undersøkje om livet i vatnet endrar seg over tid.

Vidare arbeid

Undersøk bakteriane som er til stades, ved å bruke petrifilm eller utstryk på næringsagar.

Tel kor mange bakteriekoloniar det er etter eitt døgn i varmeskåp ved 37 °C.

Resultat

  • Kor mykje levande materiale fann de på dei ulike lokalitetane?
  • Lag ei oversikt over organismane de finn på dei ulike lokalitetane. Forsøk å finne ut kva for nokre systematiske grupper dei tilhøyrer. Legg inn bilete eller teikningar av organismane.

Konklusjon

  • Vurder hypotesane de laga. Stemte dei? Forsøk å forklare kvifor eller kvifor ikkje.
  • Korleis klarer organismane de har funne, å overleve i snøen?
CC BY-SASkrive av Gunvor Berge og Tone Fredsvik Gregers. Rettshavar: Skolelaboratoriet i biologi, UiO.
Sist fagleg oppdatert 03.02.2021

Læringsressursar

Feltarbeid om vinteren