Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Eggsperiment

I dette forsøket skal du undersøkje passiv transport gjennom cellemembranar ved å studere ei stor celle, nemleg eit egg.
Egg i eggekartong. På det eine egget er det teikna eit smilefjes. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med forsøket er å jobbe utforskande for å lære om passiv transport av stoff gjennom ein semipermeabel membran.

Førebuingar

  1. Legg egga i kvart sitt begerglas.

  2. Hell over eddik slik at det dekkjer egga.

  3. Observer egga i nokre minutt, og noter kva du ser.

  4. Lat egga liggje i eddik i cirka eit døgn. Eddiken vil løyse opp eggeskalet, og cellemembranen blir den beskyttande yttergrensa som avgrensar cella frå omgivnadene.

Lat elevane velje ei løysning (C nedanfor) som dei ønskjer å teste ut. Elevane må grunngi valet sitt.

Framgangsmåte

  1. Observer egga, og noter kva du ser. Viss du er veldig forsiktig, kan du løfte eit av egga opp mot ei lyskjelde. Kva ser du?

  2. Hell ut eddiken frå begerglasa. Ta ut egga med ei matskei, og skyl dei i vatn. Pass på at du ikkje øydelegg cellemembranen på egga.

  3. Veg egga, og noter ned massen.

  4. Legg egga tilbake i kvart sitt begerglas. Merk begerglasa, og hell følgjande nye løysningar over kvart av dei tre egga til dei er heilt dekte av løysninga:

    • A – vatn

    • B – flytande honning

    • C – valfri løysning

  5. Lag tre hypotesar som beskriv kva du trur vil skje med egga i kvar av dei tre løysningane (A, B og C).

  6. Du kan registrere endringar allereie etter kort tid, men forskjellane blir tydelegare viss du ventar ein dag eller to med å registrere resultata.

  7. Noter synlege endringar.

  8. Hell forsiktig ut dei ulike løysningane frå begerglasa. Ta ut egga med ei matskei, og skyl dei i vatn. No er det endå viktigare å passe på at du ikkje øydelegg cellemembranen på egga.

  9. Veg egga. Rekn ut eventuelle endringar i gram og prosent.

Løysning

Masse før (gram)

Masse etter (gram)

Endring i masse

Vatn

Flytande honning

Valfri løysning

Resultat og spørsmål

  1. Bruk det du har observert i forsøket, til å forklare kva ein meiner med ein selektiv permeabel membran.

  2. Forklar resultata dine og kva som skjedde i kvart av dei tre scenarioa: A, B og C.

  3. Stemde hypotesane dine? Grunngi svaret.

  4. Kva feilkjelder kan ha påverka resultata dine?

  5. Teikn og forklar passiv transport ved osmose.

  6. Kan du tenkje ut eit forsøk som kan få egga til å gå tilbake til sin normale tilstand?

  7. Samanlikn eit egg og ei dyrecelle. Kva forskjellar og likskapar finn du? Vurder kor godt eit egg fungerer som modell i dette forsøket.

  8. Kan du gi nokon fysiologiske døme som svarer til kvart av dei tre scenarioa i forsøket?

  9. Du har kanskje sjølv vore innlagd, eller høyrt om andre som har vore innlagde, på sjukehus og fått intravenøs væske (IV-drypp)? Finn ut kva intravenøs væske inneheld, og i kva situasjonar ein gir det til pasientar.

Nysgjerrigper

Kva reaksjon skjer mellom eddiken og eggeskalet som gjer at eggeskalet blir løyst opp?

Relatert innhald

Passiv transport av vatn blir kalla osmose. Osmose sørgjer for at cellene kan regulere vassbalansen utan at det krevst bruk av energi.

Konsentrasjonsforskjell mellom innsida og utsida av ein membran gjer at nokre stoff kan bevege seg passivt gjennom membranen. Dette blir kalla diffusjon.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2021

Læringsressursar

Celleregulering