Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Celler i ulike miljø

Celleregulering handlar om prosessane som skjer i samspelet mellom cellene og omgivnadene deira. I dette forsøket skal du undersøkje korleis blodceller og planteceller oppfører seg i ulike miljø.
Vassdroper på ein cellemembran. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formål

I dette forsøket skal du undersøkje korleis planteceller og blodceller oppfører seg i ulike miljø, og bli kjend med passiv transport gjennom cellemembranen.

Sikkerheit når vi gjer forsøk med blod
  • Elevane skal sitje åleine og berre jobbe med eigne blodprøver.

  • Bruk sterile blodlansettar eller blodstikkarar til eingongsbruk.

  • Læraren samlar inn glas og stikkreiskapar og forseglar dei i støytsikre merkte boksar, som deretter kan leverast på apotek eller til andre institusjonar som handterer avfall på ein forsvarleg måte.

  • Set plaster på stikket for å hindre blodsøl.

  • Blodsøl skal desinfiserast. Ver obs på at det ikkje er alle desinfeksjonsmiddel som drep virus. Godkjende desinfeksjonsmiddel er til dømes Kloricid eller 70 % etanol (denaturert sprit), som drep virus når blodsølet blir vaska bort mekanisk.

Del 1: Undersøk blodceller i ulike miljø

Dekkglas blir senka mot bloddrope og fysiologisk saltvatn på objektglaset. Foto.
Raudgule celler som ser ut som ballar som har lite luft og er trykt flate på midten. Foto.
  1. Stikk eit hol på sida av ein finger, og klem ut ein bloddrope.
  2. Lag eit mikroskopipreparat ved å plassere bloddropen på eit objektglas, og stryk han utover med eit anna objektglas. Bloddropen bør vere så tynn som mogleg. Legg over dekkglas.
  3. Sjå på preparatet under mikroskop med låg forstørring. Auk deretter forstørringa når du har fått eit skarpt bilete. Ta gjerne bilete med mobiltelefonen gjennom okularet.

    1. Kva ser du?
    2. Kan du sjå forskjellen på raude og kvite blodceller?
    3. Kva form har dei raude blodcellene?
  4. Lag hypotesar for kva du trur vil skje med blodcellene når du endrar det ytre miljøet deira ved å tilføre metta saltløysing, reint vatn eller fysiologisk saltvatn.
  5. Metta salt-løysing: Tilsett nokre dropar metta salt-løysing ved kanten av dekkglaset. Bruk eventuelt filterpapir for å trekkje saltløysinga inn i preparatet. Observer kva som skjer.

  6. Reint vatn: Lag eit nytt mikroskopipreparat, og tilset reint vatn ved kanten av dekkglaset. Observer kva som skjer.

  7. Fysiologisk saltvatn: Lag eit tredje mikroskopipreparat, og tilset fysiologisk saltvatn ved kanten av dekkglaset. Observer kva som skjer.

    1. Kva skjer med blodcellene i dei ulike miljøa?

    2. Kva for eit av miljøa illustrerer kroppen?

Del 2: Undersøk planteceller i ulike miljø

Eit lag med raud hud blir rive av ein raudlauk. Foto.
Objektglas og filterpapir som trekkjer løysing under dekkglaset. Foto.
Mikroskoppreparat og snitt av raudlauk. Foto.
  1. Snitt med ein skalpell (cirka 1 cm x 1 cm) på innsida av eit laukskjel. Bruk pinsett til å losne laukhuda. Dersom laukbiten er så tynn at han er nærast gjennomsiktig, har du gjort rett.

  2. Lag eit mikroskoppreparat ved å plassere den raude huda frå laukskjelet på eit objektglas. Laukhuda bør vere mindre enn objektglaset. Legg forsiktig på eit dekkglas utan å trykkje det på.

  3. Sjå på preparatet under mikroskop med låg forstørring. Auk deretter forstørringa når du har fått eit skarpt bilete. Ta gjerne bilete med mobiltelefonen gjennom okularet.

    1. Kva ser du?

    2. Kan du finne celleveggen, cellekjernen og vakuolen?

    3. Kva form har laukcellene?

  4. Lag hypotesar for kva du trur vil skje med laukcellene når du endrar dei ytre miljøa deira ved å tilføre metta saltløysing, reint vatn eller fysiologisk saltvatn.

  5. Metta salt-løysing: Tilsett nokre dropar metta salt-løysing ved kanten av dekkglaset. Bruk eventuelt filterpapir for å trekkje saltløysinga inn i preparatet. Observer kva som skjer.

  6. Reint vatn: Lag eit nytt mikroskopipreparat, og tilset reint vatn ved kanten av dekkglaset. Observer kva som skjer.

  7. Fysiologisk saltvatn: Lag eit tredje mikroskopipreparat, og tilset fysiologisk saltvatn ved kanten av dekkglaset. Observer kva som skjer.

    1. Kva skjer med laukcellene i dei ulike miljøa?

    2. Kan du snu (reversere) prosessen som skjer?

    3. Kva for eit av miljøa illustrerer ein normal plante?

    4. Kva for nokre abiotiske faktorar kan påverke vassbalansen i ein plante?

Resultat og spørsmål

Notat, bilete og teikningar er nyttig dokumentasjon.

  1. Kva type passiv transport har du observert i dette forsøket? Forklar denne typen transport.
  2. Stemde hypotesane dine? Forklar kva som skjer når du

    1. tilset metta salt-løysing

    2. tilset reint vatn

    3. tilset fysiologisk saltvatn

  3. Forklar omgrepa: hypo-osmotisk, iso-osmotisk og hyper-osmotisk.

  4. Set saman ein biletserie som viser kva som skjer med dei to celletypane i dei tre ulike miljøa. Skriv ein forklarande tekst til kvart av bileta.

  5. Forklar likskapar og forskjellar mellom dyre- og planteceller ut frå det du har observert.

  6. Kva betyr plasmolyse?

  7. Kva for ei fysiologisk betydning har vassbalansen for

    1. eincella organismar som til dømes tøffeldyr?

    2. fleircella organismar som dyr og plantar?

Relatert innhald

Passiv transport av vatn blir kalla osmose. Osmose sørgjer for at cellene kan regulere vassbalansen utan at det krevst bruk av energi.

Plantar, dyr og sopp er, saman med nokre fleire organismar, bygde opp av eukaryote celler og har dermed mange fellestrekk i oppbygning og indre struktur.

CC BY-SASkrive av Skolelaboratoriet for biologi, UiO, Kristin Bøhle og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021

Læringsressursar

Celleregulering