Øvingsoppgåver – celleregulering - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Øvingsoppgåver – celleregulering

Her finn du varierte oppgåver om dei passive og aktive prosessane som går føre seg mellom cellene og det ytre miljøet. Oppgåvene gir deg god trening i nye omgrep og ei fin oversikt over emnet.

Oppgåve 1

  1. Teikn og forklar oppbygninga av cellemembranen.

  2. Korleis kan cellemembranen styre transport inn i og ut av cella?

  3. Kvifor har cella behov for å transportere ulike stoff gjennom cellemembranen?

Oppgåve 2

  1. Kva meiner vi med passiv og aktiv transport gjennom cellemembranen?

  2. Forklar korleis ion, feittløyselege stoff og vassløyselege stoff blir transporterte gjennom membranen.

Oppgåve 3

Forklar kva vi meiner med desse omgrepa:

partiklane sin eigenbevegelse – konsentrasjonsgradient – diffusjon – osmose – osmolaritet – ladningsgradient – membranpotensial

Oppgåve 4

Beskriv kva som skjer når du tilset ein sukkerbit i eit glas med vatn utan å røre. Kva prosess illustrerer dette dømet?

Oppgåve 5

Vi skil gjerne mellom tre ulike mekanismar for membrantransport:

  • direkte gjennom cellemembranen

  • ved hjelp av protein

  • vesikkeltransport

  1. Teikn og forklar dei tre mekanismane for membrantransport.

  2. Kva for nokre av desse mekanismane krev aktiv transport? Kvifor gjer dei det?

  3. Gi døme på molekyl eller ion som blir transporterte gjennom cellemembranen med kvar av dei tre mekanismane.

Oppgåve 6

Korleis blir vatn transportert over cellemembranen? Kva betydning har transport av vatn for

  1. dyreceller?

  2. planteceller?

Oppgåve 7

Forklar korleis celler bruker ATP (adenosintrifosfat). Skriv reaksjonslikning, og forklar den kjemiske reaksjonen.

Oppgåve 8

Det finst ulike typar transportprotein. Teikn og forklar forskjellen på desse transportproteina:

ionekanal – berarprotein – symport – antiport – ionepumpe – uniport

Oppgåve 9

Bruk figuren nedanfor til å forklare to ulike moglegheiter for å transportere ion gjennom cellemembranen ved hjelp av protein. Forklar forskjellar og likskapar mellom dei to transportproteina.

Oppgåve 10

  1. Kva mekanismar bruker cellene for å halde oppe ionebalansen? Kvifor er dette viktig for cella?

  2. Forklar korleis natrium–kalium-pumpa bidreg til å halde oppe ein høg konsentrasjon av kalium inni og ein høg konsentrasjon av natrium utanfor cella. Kvifor er denne reguleringa viktig for cella?

  3. Nemn nokre ytre faktorar som kan påverke den indre balansen i cellene, og forklar korleis påverknaden skjer.

Oppgåve 11

I fleircella organismar samarbeider cellene med kvarandre. Gi minst eitt døme på korleis celler kan kommunisere med kvarandre. Korleis går denne kommunikasjonen føre seg?

Skrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 03.08.2021