Refleksjonsoppgåver om celleregulering
Kva eigenskapar har cellemembranen som gjer det mogleg å kontrollere all transport inn og ut av cella?
Kva ville skjedd med transporten av stoff gjennom cellemembranen viss han berre hadde vore bygd opp av
feittløyselege molekyl
vassløyselege molekyl
Gi døme på korleis ulike konsentrasjonar av stoff i cytoplasmaet og ekstracellulært miljø påverkar transporten inn og ut av cella hos plantar og dyr.
Celler treng glukose for å produsere energi.
Korleis blir glukose transportert inn i celler?
Kva rolle speler hormon når det gjeld opptak av glukose i cellene?
Korleis kan hormon påverke transporten gjennom cellemembranen?
Kva skjer viss ein person manglar hormon som påverkar opptak av glukose?
Viss ein drikk alkohol ein kveld, kan ein oppleve å vere tørst når ein vaknar neste dag.
Kvifor blir ein tørst etter å ha drukke alkohol?
Korleis verkar alkohol på celleregulering og homeostase i cellene?
Gi døme på sjukdommar som kjem av at cellereguleringa går gale. Forklar kva som skjer.
Lakseyngel blir klekt og lever den første tida i elver med ferskvatn der saltinnhaldet i vatnet er lågare enn i kroppen. Når yngelen har blitt 11–12 cm, forlèt han elva som smolt og vandrar ut i havet der saltinnhaldet i vatnet er langt høgare enn i kroppen. Etter nokre år kjem den vaksne laksen tilbake til elva for å gyte.
Korleis klarer fisken å halde eit konstant miljø i cellene når saltinnhaldet i vatnet som strøymer gjennom gjellene, varierer så mykje? Forklar kva som skjer i dei to miljøa.
Plantar kan døy viss du gjødslar for kraftig. Forklar kva som skjer.
Når ein nerveimpuls blir overført frå ei nervecelle til ei anna, speler nevrotransmitterar (signalstoff) ei viktig rolle. Desse sørger for at proteinkanalar opnar seg og slepper inn Na+-ion slik at nervesignalet blir ført vidare. Straks dette har skjedd, blir signalstoffa brotne ned eller tekne opp igjen i cella som sende dei ut.
Enkelte narkotiske stoff verkar slik at dei hemmar nedbryting eller reabsorpsjon av signalstoffa. Forklar kva som skjer då.