Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Passiv transport

I dette forsøket skal du undersøkje passiv transport gjennom cellemembranar ved å bruke dialyseslangar som modell for ein cellemembran.

Føremålet

Føremålet med forsøket er å bli kjend med passiv transport av stoff gjennom ein halvgjennomtrengjeleg membran og å forstå kva retning transporten går. Du skal òg få erfaring med eigenrørsla til partiklar, diffusjon og osmose.

Tillaging av løysningar

Stivelsesløysning

  • 100 mL vatn

  • 1 gram potetmjøl

Konsentrert sukkerløysning

  • 240 mL vatn

  • 400 gram sukker

Konsentrert saltløysning

  • 200 mL vatn

  • 100 gram bordsalt (NaCl)

Tilset vatn og stoffet du ønskjer å løyse, i ein kjele. Kok opp under omrøring. Så fort løysningen koker, senkar du temperaturen på kokeplata og rører til alt stoffet er løyst. Kjøl ned til romtemperatur.

NB! Stivelsesløysningen er lite haldbar og bør lagast dagen før forsøket. Dei andre løysningane kan oppbevarast i kjøleskap.

Framgangsmåte

  1. Klipp tre remser, kvar på cirka 15 cm, av dialyseslangen.
  2. Fukt dei i vatn (gjerne rennande). Knyt att den eine enden og opne den andre.
  3. Gjer klar tre kar med desse løysningane:

    • A – reint vatn
    • B – vatn og jodløysning
    • C – saltvatn
  4. Fyll dei tre «pølsene» A, B og C med ulike løysningar, som forklart under. Bruk gjerne trakt. Blir det søl av sukker- eller stivelsesløysning utanpå pølsene, må du skylje det vekk før du legg dei i kara.

    • Pølse A, som skal i kar A, skal vere halvfull med konsentrert sukkerløysning. Knyt att, veg pølsa, og legg ho i karet med vatn.

    • Pølse B, som skal i kar B, skal fyllast med stivelsesløysning. Mengda speler inga rolle. Knyt att, og legg pølsa i karet med vatn og jodløysning.

    • Pølse C, som skal i kar C, skal fyllast så full som mogleg med reint vatn. Knyt att, og veg pølsa før du legg ho i kar C med konsentrert saltløysning.

  5. Lag tre hypotesar for kva du trur vil skje med pølsene i kvar av dei tre løysningane A, B og C.

  6. Du kan registrere endringar allereie etter kort tid, men forskjellane blir tydelegare om du ventar ein dag eller to med å registrere resultata.

    • Veg pølse A og C. Rekn ut eventuelle endringar i gram og prosent.
    • Noter synlege endringar.

Dokumentasjon og vidare arbeid

  1. Forklar kva vi meiner med eigenrørsla til partiklane.

  2. Forklar passiv transport ved

    1. osmose

    2. diffusjon

  3. Kvifor seier vi at transporten som skjer ved osmose og diffusjon, er passiv?

  4. Stemte hypotesane dine? Grunngi svaret ditt.

  5. Forklar resultata dine og kva som skjedde i kvart av dei tre scenarioa: A, B og C. Kan du gi nokon fysiologiske døme som svarer til kvart av dei tre scenarioa i forsøket?

  6. Kva feilkjelder kan ha påverka resultata?

  7. Kvifor er celler avhengige av vassbalanse?

Relatert innhald

Fagstoff
Passiv transport – osmose

Passiv transport av vatn blir kalla osmose. Osmose sørgjer for at cellene kan regulere vassbalansen utan at det krevst bruk av energi.