Stop motion med membrantransport - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Stop motion med membrantransport

Modellar er forenklingar av verkelegheita og eit nyttig verktøy for å forstå samanhengar på cellenivå. I denne oppgåva skal de lage ein modell som viser transport av ulike molekyl og ion over cellemembranen. Gjer modellen dykkar levande ved å setje saman bilete til ein stop motion-animasjon.
Film som viser passiv ionetransport. Video: Camilla Øvstebø / CC BY-SA 4.0

Del 1. Førebuingar

  1. Arbeid saman i par, og lag eit tankekart eller små skisser som summerer opp alt de har lært om cellemembranen og membrantransport. Tenk på:

    • oppbygning

    • funksjon

    • transport

  2. Forklar forskjellen på passiv og aktiv membrantransport.

  3. Vi skil gjerne mellom tre ulike mekanismar for membrantransport:

    • transport direkte gjennom cellemembranen

    • transport ved hjelp av protein

    • vesikkeltransport

    Forklar forskjellen på dei tre transportmekanismane, og gi døme på molekyl eller ion som blir transporterte på denne måten.

Del 2. Lag modell

Lag ein modell av cellemembranen som kan brukast til å illustrere ulike typar membrantransport.

Hugs at ein modell er ei forenkling av verkelegheita. Dette gjer at alle modellar vil ha nokre styrkar og svakheiter. De må derfor velje kva det er viktig å gjere tydeleg i modellen dykkar.

Forslag til modellmateriell
  • skrive eller teikne steg for steg

  • Lego

  • leire/plastilin

  • ulike perler/knappar

  • frukt/grønsaker

  • godteri

  • ulike typar tørre matvarer som spagetti, pasta, linser, erter osv.

Modelltips

  • Start med å lage fosfolipid-molekyl for å byggje opp ein modell av cellemembranen.

  • Set inn ulike transportprotein for passiv og aktiv transport.

  • Finn små gjenstandar som kan illustrere ulike molekyl og ion.
  • Sidan modellen etterpå skal brukast til å lage ein animasjon, er det ein fordel om dei ulike komponentane i modellen er flyttbare.
  • Illustrer ulike typar membrantransport.
  • Ta bilete undervegs.

Del 3. Set saman ein stop motion-animasjon

Bruk modellen de har laga, til å setje saman ein animasjonsfilm som viser transport av ulike molekyl og ion over cellemembranen.

Start med å velje éin mekanisme for membrantransport.

Ta bilete

Når du skal lage ein stop motion-animasjon, set du saman mange stillbilete av noko som beveger seg litt for kvart bilete. Når du speler av bileta raskt etter kvarandre, ser det ut som om motivet beveger seg.

Fordel arbeidet slik at den eine tek bilete, og den andre flyttar på dei ulike elementa i modellen.

Opptakstips

  • Bruk stativ til mobil eller kamera. Stativa med muffer og klemmer på naturfagsrommet eignar seg veldig godt.

  • Finn ein stad med godt lys.

  • Bruk manuelt fokus på kameraet. Zoom inn, og still fokuset.

  • Hald fingeren på utløysarknappen, og dytt varsamt med fingeren utan å ta han av knappen. Slik kan du unngå bevegelsar i kameraet. Mange kamera har òg stemmestyrt utløysar.

  • Bruk ein ryddig og nøytral bakgrunn.

  • Skal du skrive eller teikne på ark, er det lurt å teipe det fast.

  • Ta mange bilete, gjerne hundre. Kvart bilete står berre i to ruter.

Set saman animasjonen

Når de er ferdige med å ta bilete, legg de dei i ei mappe på eininga dykkar og opnar programmet de skal bruke for å lage stop motion-filmen.

Samansetjing i Microsoft Bilder
  1. Opne Bilder, og opprett ein ny video (Ny video -> Nytt videoprosjekt).
  2. Legg bileta dykkar i prosjektbiblioteket.
  3. Plasser bileta i dreieboka (Plasser i dreieboken).
  4. Merk alle bileta.
  5. Klikk på Varighet, og skriv inn 0,2 sekund (prøv deg fram med varigheita til bileta).
  6. Spel av filmen, og sjå om de må gjere justeringar.
  7. Legg til musikk, effektar og titlar slik de ønskjer.
  8. Når de er ferdige, går de til Fullfør video og lagrar videoen.
Samansetjing i Adobe Premier
  1. Opne programmet, og opprett eit nytt prosjekt (File -> New project).
  2. Importer mappa med bileta de har teke (File -> Import).
  3. Merk alle bileta i prosjektmappa, høgreklikk, og vel Speed/duration. Vel 00:00:00:02. Då vil kvart bilete stå i to ruter.
  4. Vel det første biletet i prosjektmappa, høgreklikk, og vel New sequence from clip.

  5. Merk resten av bileta, og trekk dei inn i tidslinja (sekvensen).
  6. Spel av og test ut filmen.
  7. Gjer eventuelle justeringar, og legg inn musikk/effektar, titlar og så vidare.
  8. Når de er ferdige, går de til File -> Export -> Media, gir fila eit namn og lagrar ho i ønskt format, til dømes .H264.
  9. Vel Export, og eksporter fila.

Del 4. Felles videovising

Arranger ei felles videovising i klassen der alle viser fram animasjonane dei har laga. Bruk gjerne eit evalueringsskjema der elevane kan evaluere kvarandre.

  1. Forklarer modellane det som var føremålet med oppgåva?

  2. Kva er bra med dei ulike modellane?

  3. Kva forbetringar kan gjerast?

Relatert innhald

Fagstoff
Modellar

Kart og simuleringar er eksempel på modellar som er forenklingar av verkelegheita. Modellane har avgrensa bruksområde og fortel berre delar av sanninga.

Fagstoff
Transport gjennom cellemembranen

For å kunne halde oppe eit stabilt indre miljø må cellene kontrollere og regulere all transport inn og ut. Her er cellemembranen heilt sentral.

Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid, Thomas Bedin og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 23.08.2021