Transport gjennom cellemembranen - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Transport gjennom cellemembranen

Celler er levande einingar og er derfor avhengige av energi og påfyll av ulike molekyl, samtidig som dei må kunne kvitte seg med avfallsstoff. Evna cellemembranen har til å kontrollere all transport inn i og ut av cella, er heilt sentral for å halde oppe eit stabilt indre miljø.

Cellemembranen regulerer transporten av stoff

Cellemembranar er bygde slik at dei kan kontrollere kva stoff som kan passere inn i og ut av cella. Det hydrofobe midtsjiktet gjer at feittløyselege stoff og nokre gassar kan passere direkte gjennom cellemembranen, men dannar ei hindring for vassløyselege stoff som treng hjelp frå protein for å kunne passere.

Membranprotein og vesiklar bidreg til transport

Det finst ulike typar transportprotein i cellemembranen. Nokre protein dannar vassfylte kanalar som transporterer ion, og som dermed blir kalla ionekanaler. Andre protein kan feste seg fysisk til vassløyselege stoff og "bere" dei over cellemembranen, såkalla berarprotein. Transportproteina er spesifikke for dei stoffa dei transporterer. Dei fleste er spesifikke for eitt stoff (ion eller små molekyl), men nokre kan transportere fleire ulike stoff samtidig.

I nokre tilfelle kan det vere formålstenleg for cella å transportere store molekyl over cellemembranen. Då kan cellemembranen pakke inn molekyla i vesiklar som blir avsnørte, og på den måten sende molekyla inn i eller ut av cella.

Vi skil mellom to typar membrantransport: passiv og aktiv.

Passiv transport – utan bruk av energi

Passiv transport betyr at transporten ikkje krev energi. Denne transportmekanismen blir regulert av mengda oppløyst stoff som er på éin stad i forhold til ein annan, til dømes på innsida og utsida av cella. Mengda oppløyst stoff blir definert som konsentrasjonen av stoffet, og rørsla av oppløyst stoff går alltid frå ein stad med høg konsentrasjon til ein stad der konsentrasjonen av stoffet er lågare. På den måten blir ein eventuell konsentrasjonsforskjell mellom innsida og utsida av cella utlikna. Dette blir kalla diffusjon.

Rørsla av oppløyst stoff blir driven av den konstante rørsla til partiklane (atom, ion og molekyl), eigenrørsla. Det er eigenrørsla til partiklane som dannar drivkrafta for passiv transport. Rørsla er tilfeldig, går i alle retningar og fører til kollisjonar mellom ulike partiklar. Når det er mange partiklar på éin stad, vil partiklane kollidere oftare, og partiklane blir dermed spreidde meir utover.

Det finst ulike mekanismar for passiv transport:

  • direkte gjennom cellemembranen

  • ved hjelp av protein

Aktiv transport – med bruk av energi

Transportmekanismar som krev bruk av energi i form av , blir kalla aktiv transport. Det er berre i transport av vassløyselege stoff det er behov for aktiv transport. Denne forma for transport er ikkje avhengig av konsentrasjonsforskjellar slik som passiv transport, og kan brukast for å transportere både små og store molekyl.

Det finst ulike mekanismar for aktiv transport:

  • ved hjelp av protein

  • vesikkeltransport (endo- og eksocytose)

Desse transportmekanismane gjeld òg for transport gjennom andre membranar inne i cella.

Relatert innhald

Fagstoff
Passiv transport – diffusjon

Konsentrasjonsforskjell mellom innsida og utsida av ein membran gjer at nokre stoff kan bevege seg passivt gjennom membranen. Dette blir kalla diffusjon.

Fagstoff
Passiv transport – osmose

Passiv transport av vatn blir kalla osmose. Osmose sørgjer for at cellene kan regulere vassbalansen utan at det krevst bruk av energi.

Skrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 28.05.2021