Påske i naturfag
Lyden av ein mordar: Kven drap Sir Earnest?
Sir Earnest har invitert gamle vener til ein stor fest på slottet sitt. Det heile går føre seg i hyggjelege former, heilt til Sir Earnest blir offer for eit forferdeleg mord! Avslør mordaren ved hjelp av skåling og klirring i glas.
Podkast om ny bruk av DNA i politietterforsking
Bioteknologirådet lagar podkasten Biotekpodden. Episoden "Ny bruk av DNA i politietterforsking" tek for seg saka om The Golden State Killer og moglegheitene for utvida bruk av genteknologi innan rettsgenetikk.
I Bibelen kan vi lese om eit tøystykke som blei brukt til å sveipe liket av Jesus etter at han døydde på korset. Det som i dag blir omtalt som likkledet i Torino, blir hevda å vere det same tøystykket. Det er no eit viktig symbol i den katolske kyrkja. Om likkledet er ekte, blir framleis diskutert.
Oppgåve: Likkledet i Torino
Somme forskarar ville undersøkje alderen til likkledet. Dei gjennomførte C-14-analysar av kledet og fann at mengda radioaktivt karbon som var igjen, var 85 % av den opphavlege mengda.
Lag eit program som reknar ut alder på gjenstandar basert på innhald av C-14. På sida Halveringstid – programmering i Python finn du gode tips for å komme i gang.
Bruk programmet til å finne den antekne alderen til likkledet.
Avgjer om funnet støttar hypotesen: "Likkledet i Torino blei brukt til å sveipe liket av Jesus."
Forsøk: Kor effektiv er solkremen?
Viss du har tenkt å vere ute (i sola) i påska, er det viktig å smørje seg med solkrem med solfaktor.
I desse tre forsøka skal de bli kjende med korleis solkremar verkar, lage dykkar eigen solkrem og teste kor godt solkremen vernar mot UV-stråling.
Temperamåling er ein gammal teknikk og den einaste som blei brukt før oljemålinga kom på 1400-talet. Omgrepet tempera betyr "å blande i rett forhold" og beskriv denne målingsteknikken.
Lag di eiga temperamåling og bruk målinga til å dekorere egg.
I dette enkle forsøket kan de lage magiske egg som både kan sveve og bevege seg opp og ned i ei løysing.
På naturfag.no kan du finne ei heil side med eggeksperiment.
Det biografiske kostymedramaet Creation gir oss eit glimt av livet til Charles Darwin rett før han publiserte den banebrytande evolusjonsteorien sin i Artenes opphav (On the Origin of Species).
Kanskje får vi svar på eit av dei største spørsmåla til evolusjonen: "Var det høna eller egget som utvikla seg først?"
Relatert innhald
Samling med aktivitetar, film og fagstoff som passar i tida før påske.
Smith, S. L.: likkledet i Torino i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. mars 2022 frå https://snl.no/likkledet_i_torino