Musikk-miks
Del inn gruppa slik at den eine halvparten av elevane er 1-arar, og den andre halvparten er 2-arar.
Del ut oppgåveark, slik at alle har eit eksemplar kvar. Alle må ha blyant eller penn.
La elevane få litt tid til å sjå over oppgåvene. Be dei velje ut nokre oppgåver som dei trur dei kan forklare for andre, og nokre oppgåver som dei vil at andre skal forklare for dei. Elevane kan gjerne markere dei oppgåvene dei kjenner seg mest trygge på å forklare for andre.
Når musikken startar, reiser 1-arane seg opp og begynner å bevege seg rundt i klasserommet. Det kan vere greitt å avtale retning på førehand, slik at straumen av elevar flyt godt gjennom klasserommet.
Når musikken stansar, må 1-arane setje seg ned ved næraste ledige 2-ar. Desse to elevane utgjer no eit par.
1-aren vel ei oppgåve frå oppgåvearket og ber makkeren sin om hjelp til å løyse ho. Viss makkeren ikkje kan løyse ho, kan hen be om å få løyse ei anna av oppgåvene på arket.
2-aren forklarer oppgåva munnleg for 1-aren, som i sin tur noterer det viktigaste frå forklaringa på oppgåvearket sitt.
Etter ei stund startar musikken opp igjen. Denne gongen er det 2-arane som skal reise seg opp og bevege seg rundt i klasserommet.
Når musikken stansar, finn alle 2-arar næraste ledige 1-ar og ber om hjelp til ei oppgåve på arket.
Slik held de fram heilt til alle oppgåvene på arket er løyste, eller til det passar å avslutte.
Praktiske tips
Be elevane om å rydde pultane sine før de set i gang. Alle kjem til å ende opp på ein annan plass enn den dei har til vanleg, så det er greitt å rydde bort personlege eigedelar.
La elevane vere med på å lage ei speleliste som de bruker.
Legg vekt på at elevane skal opptre høfleg overfor kvarandre – både når dei spør om hjelp, og når dei gir hjelp.
Presiser at formålet med aktiviteten er å øve på fagstoff, og at det er fint å bruke ulike strategiar for å finne løysingar viss dei ikkje hugsar eller kan stoffet frå før.