Ta med julestemninga inn i naturfagundervisninga. Her får de tips til demoforsøk, filmar, og korleis de kan lage ein juleverkstad med naturfagvri – utan at de treng å leggje bort det faglege.
Demoforsøk for læraren
Gneistar, lys og smell høyrer jula til! I samarbeid med Bjørn Eidem har vi laga ei samling med demonstrasjonsforsøk. Dei er godt eigna til å skape engasjement og undring. Kva med å starte eller avslutte økta med eit pang eller ein woosh?
Kosetime før jul er for mange synonymt med å sjå på film. Kvifor ikkje gi "kosen" fagleg innhald? Vi har mange gode og fagleg relevante spelefilmar på sidene våre. Her er nokre smakebitar:
På byrjinga av 1990-talet levde åtte menneske innelukka i ein kopi av biosfæren på jorda i to år.
Juleverkstad
Juleverkstad i naturfagtimane er ei fin moglegheit til å gjere noko hyggjeleg med klassen, og de treng ikkje å leggje bort det faglege av den grunn. På denne sida har vi samla opplegg tilpassa jula, og som samtidig er godt forankra i læreplanen.
Førebuingar
Bestem dykk for kva aktivitetar de vil gjennomføre og finn ut kva de treng av utstyr.
Lag gjerne litt julestemning på naturfagrommet i samband med juleverkstaden!
Tips for å lage god julestemning på naturfagrommet
Set på julemusikk. Vi har sett opp nokre forslag som passar til dei ulike opplegga.
Spel av opptak av knitrande peis på projektoren.
Lag naturfagleg adventsstake av fire gassbrennarar. "Så tenner vi ein gassbrennar i dag..."
Lag juletre av stativ, klemmer og kolbar med farga væske, som på biletet over.
Forslag til aktivitetar på juleverkstaden
Vi har sett opp nokre forslag til aktivitetar under. I parentes bak tittelen på kvart opplegg har vi antyda kor lang tid det tek å gjennomføre aktiviteten.
Lag julepynt av bioplast (2 timar)
Kva skal vi lage julepynt av i verda den dagen vi sluttar å pumpe opp olje og ikkje kan lage fossilplast lenger? Svaret er kanskje bioplast.
Gjennomføring
Ta utgangspunkt i opplegget i lenkja under og lag dykkar eigen bioplast. Lag din eigen bioplast
Bruk plasten til å lage julepynt. De kan til dømes bruke peparkakeformer til å støype julefigurar til å hengje på juletreet.
Musikkforslag 🎵
Plastic hearts – Miley Cyrus
Hydrocarbone – Mara Tremblay
ENØK-tilpassa peparkakehus (2–4 timar)
Bygg peparkakehus og bruk husa til å undersøkje ENØK-tiltak.
Gjennomføring
Kjøp eit ferdig peparkakehusbyggjesett eller lag dykkar eige hus frå botnen av (set av mykje tid!).
Set saman huset etter tilvisinga på pakken.
Diskuter korleis de kan måle varmetap i eit peparkakehus.
Undersøk kor godt huset held på varmen, utan spesielle ENØK-tiltak.
Gjer ENØK-tiltak på huset, slik at det held betre på varmen. Kven gjennomfører dei beste tiltaka? Avklar kva som skal vere "lov" å gjere.
Tips! Viss skulen har tilgang til varmekamera, kan det vere gøy å ta bilete av husa. Plasser ei varmekjelde inne i husa og ta bilete før og etter ENØK-tiltaka for å sjå kva effekt tiltaka har.
Kva drikkebeger er best til julegløggen? (2 timar)
Tenk dykk at de skal servere julegløgg til eit bestemt høve. Det er viktig at gløggen held seg varm, samtidig som det skal vere behageleg å halde i koppen. Kva type drikkebeger skal de bruke?
Gjennomføring
I lenkja under ligg eit opplegg der de skal planleggje og gjennomføre eit forsøk for å finne ut kva type kopp som eignar seg. Opplegget tek utgangspunkt i at de bruker dataloggar, men det kan òg gjennomførast utan.
Tips! Tilpass oppdraget til det utdanningsprogrammet elevane går på, til dømes:
Helse- og oppvekstfag:
De skal servere gløgg til foreldra når dei kjem for å hente barna i barnehagen. Kva koppar bør vi bruke for å vareta tryggleiken, samtidig som gløggen skal halde seg varm?
Sal, service og reiseliv:
De skal servere gløgg utanfor butikken. Kva koppar bør vi bruke for å gi eit eksklusivt inntrykk, samtidig som koppen skal halde seg varm?
Musikkforslag 🎵
Cups – Anna Kendrick
Hot N Cold – Katy Perry
Hevemiddel i julebaksten (3–4 timar)
Jula er den tida på året då obskure hevemiddel som natron, hjortetakksalt/hornsalt og bakepulver kjem fram frå plassen sin bakarst i kjøkkenskapet. Dette er ei god moglegheit til å få erfaring med stoff og eigenskapar, og samtidig komme i julestemning.
Gjennomføring
I lenkja under finn de mykje informajon om hevemiddel og forslag til to julekaker de kan bake for å undersøkje effekten av ulike hevemiddel.
The greatest gift of all – Dolly Parton og Kenny Rogers
Gift of a friend – Demi Lovato
Lykke til med juleførebuingane!
Vi håper vi har klart å inspirere dykk til juleaktivitetar som har fagleg innhald, og som gir både julestemning, skaparglede og lærelyst!
God jul! 🎅
PS! Viss de har tips til andre juleaktivitetar som passar til naturfagtimane, tips oss gjerne. Bruk hjelp-knappen nedst til høgre eller send oss ei melding på NDLA naturfag på Facebook.