Hopp til innhald
Forsøk

Halloween i naturfag

Halloween er ei høgtid som er full av spennande moglegheiter for å jobbe med naturfag. Her har vi samla nokre forslag til aktivitetar. Kanskje de blir inspirerte til å lage ein halloweendag på skulen?

Blodig skrift

Lag "ekte" filmblod med berre to ingrediensar, og skriv ein beskjed til ein "god venn". Sjå oppskrift i forsøket om blodig skrift.

For å kople blodsølet til læreplanen i naturfag, kan de lage ein blodig åstad, gå inn i rolla som åstadsgranskarar og diskutere bruk av DNA-analysar av biologiske spor. Les meir om dette i Demoforsøk: DNA-profilar.

Aktuelt mål i læreplanen: gi døme på bruk av bioteknologi og drøfte etiske spørsmål knytte til bioteknologi

Ekte blod

Filmblod er vel og bra, men når vi har naturfag, har vi faktisk ei fagleg grunngiving for å bruke ekte blod også!

I dette forsøket skal de undersøke samansetjinga til blodet og studere korleis blodceller oppfører seg i ulike miljø: Forsøk: Vi undersøker blodet.

Aktuelt mål i læreplanen: utforske eigenskapar og reaksjonar til nokre stoff og stoffblandingar som er relevante for eige utdanningsprogram

Slim

Slim må til for å markere denne høgtida på ein god måte, ikkje sant? Dette slimet kan de lage av ingrediensar som er lette å få tak i: Forsøk: Lag slim.

Aktuelt mål i læreplanen: utforske og gjere greie for samanhengar mellom kjemiske bindingar og eigenskapar til ulike stoff

Skjelett

Skriv ut dykkar eige 3D-skjelett. Bruk det til å jobbe med skjelett, musklar og rørsle – og til pynt, sjølvsagt!

Filene de treng, kan de laste ned frå Mr Bones -- Articulated Skeleton på nettsida Thingiverse.

Forslag til utvidingar:

  • Bruk diodar og lag lysande auge til skjelettet.

  • Lag ei lyslenke som ein modell for fordøyingskanalen. Klarer de å programmere lenka slik at lyset viser veg ned gjennom fordøyingskanalen?

Aktuelt mål i læreplanen: vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen

Graskar

Graskar kjem opphavleg frå Amerika, og arkeologiske funn viser at dei amerikanske urfolka dyrka graskar for 5000–6000 år sidan. Graskar har eit tjukt, hardt skal som kan vere glatt, knudrete eller med langsgåande riller. Fruktkjøttet er gult til oransje, fast og søtt.

Graskar er proppfulle av beta-karoten, kalium og kostfiber. Beta-karoten blir omdanna til vitamin A i kroppen, dette vitaminet er bra for huda og synet. Kalium bidreg til å halde oppe normalt blodtrykk, mens kostfiber er bra for fordøyinga.

Les meir om graskar og få tips til korleis de kan lage graskarlykt i artikkelen om graskar.

Aktuelt mål i læreplanen: gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

Graskar + elefanttannkrem

Graskarlykter er obligatorisk til halloween, men kvifor ikkje ta graskaret til eit nytt nivå med det klassiske elefanttannkremforsøket?

Skjer ut graskaret slik du vil ha det, og gjennomfør elefanttannkremforsøket med kolbar og begerglas oppi graskaret. Sjå framgangsmåten i Demoforsøk: Elefanttannkrem.

Her bruker dei ein litt anna oppskrift, men prinsippet er det same som i forsøket over. Sjå videoen How to make foaming pumpkin på YouTube.

Aktuelle mål i læreplanen:

  • utforske og gjere greie for samanhengar mellom kjemiske bindingar og eigenskapar til ulike stoff

  • utforske eigenskapar og reaksjonar til nokre stoff og stoffblandingar som er relevante for eige utdanningsprogram

Hylande seigmenn og -damer

I dette forsøket skal de "plage" ein seigmann eller seigdame. De skal observere korleis hen reagerer, og prøve å forklare reaksjonen.

Blir grufulle hyl og skrik?

Demoforsøk: Hylande seigmann

Aktuelle mål i læreplanen:

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • utforske eigenskapar og reaksjonar til nokre organiske og uorganiske karbonsamband, gi døme på korleis dei blir anvende, og gjere greie for kva betydning karbonet har for livet på jorda

Kjelde

Kunnskapsdepartementet. (2019). Læreplan i naturfag (NAT04-01). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nat01-04