Oppgåve
Podkast om ny bruk av DNA i politietterforsking
Bioteknologirådet lagar podkasten Biotekpodden. Episoden «Ny bruk av DNA i politietterforskning» tek for seg saka om The Golden State Killer og moglegheitene for utvida bruk av genteknologi innan rettsgenetikk.
- Private slektskapstestar er populære, også her i Noreg. Synest du – etter å ha lese historia om The Golden State Killer – at også norsk politi bør ta i bruk denne nye teknologien i politietterforsking?
- Kva trur du norsk politi meiner om nytten av denne nye teknologien?
- Kva trur du er årsaka til at dette ikkje er lov i Noreg?
- Kva er ein DNA-analyse, og korleis blir han brukt av politiet i dag?
- Forklar kva ein meiner med DNA-profil.
- Kan DNA åleine oppklåre ei kriminalsak?
- Kva er eit politiregister?
- Kva er forskjellen på ein DNA-profil og ein gentest?
- Forklar korleis søk mot kommersielle slektskapsdatabasar kan brukast i politietterforsking.
- Kva meiner norsk politi om nytten av denne teknologien? Ønskjer dei å ta han i bruk?
- Korleis kan analyse av DNA brukast til å lage fantomteikningar? Kva informasjon kan dette gi?
- Korleis kan denne teknologien føre til meir nøytrale vitne?