Forsøk
Forsøk: Lag din eigen yoghurt
Bioteknologi vil seie å bruke levande organismar til å lage nyttige produkt, og det har menneska gjort i fleire tusen år. I dette forsøket skal du utforske tradisjonell bioteknologi ved å lage din eigen yoghurt.
Yoghurt inneheld bakterien Lactobacillus acidophilus. Spesielle enzym i denne bakterien har den eigenskapen at dei kan gjere laktose i mjølk om til mjølkesyre. Omdanninga senkar pH-verdien i mjølka og påverkar proteinstrukturen til mjølkeproteinet kasein slik at mjølka tjuknar. Dette gir oss produktet vi kjenner som yoghurt.
Føremålet med forsøket er å utforske praktisk bruk av tradisjonell bioteknologi.
Fordi det ikkje er lov til å ete eller drikke på laboratoriet, må dette forsøket utførast i klasserommet eller på eit kjøkken, slik at de kan smake på yoghurten de lagar.
Start med å undersøkje mikroorganismane du skal jobbe med, i mikroskopet.
- Bland ei kvart teskei yoghurt naturell med om lag 2 teskeier vatn i eit lite begerglas. Løysninga skal vere ganske tyntflytande.
- Plasser ein drope yoghurtløysning på eit objektglas, og legg over eit dekkglas.
- Sjå på preparatet under mikroskop. Start med låg forstørring, og auk forstørringa etter kvart. Kva ser du? Ta gjerne bilete med mobiltelefonen gjennom okularet på mikroskopet.
Lag din eigen yoghurt.
- Bruk ein kjele, og varm opp mjølka til 82 °C. Rør i mjølka heile tida. Bruk gjerne eit digitalt termometer.
- Ta kjelen av plata, og lat mjølka kjøle seg ned til 42 °C. Tips: For å kjøle ned mjølka raskare kan du fylle vasken med kaldt vatn og setje kjelen der.
- Tilset om lag 1 teskei yoghurt, og rør han godt inn i mjølka.
- Hell blandinga over i reine syltetøyglas eller liknande. Set på lok, og plassar yoghurtglasa i varmeskåp (eller midt i steikjeomnen) på 42 °C i om lag 7–10 timar (kan stå til neste dag). Jo lenger yoghurten står, desto syrlegare blir han.
- Set yoghurtglasa i kjøleskåpet i minst 6–12 timar – gjerne fram til neste naturfagsøkt – slik at yoghurten tjuknar. No kan du røre i yoghurten, slik at han får ein jamnare konsistens.
Tips!
Smakset gjerne yoghurten med frukt, bær eller honning.
- Beskriv korleis Lactobacillus acidophilus ser ut under mikroskopet.
- Kvifor kan vi seie at produksjon av yoghurt er praktisk bruk av bioteknologi?
- Kva gjer Lactobacillus acidophilus med mjølka for at ho skal bli til yoghurt?
- Forklar dei ulike temperaturstega i framgangsmåten. Kvifor er dette viktig?
- Forklar kvifor yoghurt har ein syrlegare smak enn mjølk.
- Samanlikn smaken på yoghurten du har laga sjølv, med industrielt produsert yoghurt kjøpt i butikken. Beskriv forskjellar og likskapar.
- Kva andre produkt som er laga ved hjelp av bioteknologi, har du heime?
- Kva er forskjellen på tradisjonell og moderne bioteknologi?