Hopp til innhald

Fagstoff

Fire like — lag grupper i biologi

Det kan vere motiverande og gi godt fagleg utbytte å jobbe i grupper. Dessutan gir det god sosial trening. Del elevane inn i tilfeldige grupper ved å bruke fagomgrep frå biologi.
Tusjtavle med Post-it-lappar. Foto.

Lag tilfeldige grupper med fagleg vri

Å dele inn grupper heilt tilfeldig kan vere ei god løysing i mange samanhengar, til dømes når elevane skal samarbeide over kortare tid. Å jobbe i tilfeldige grupper er òg ein fin måte for elevane å bli betre kjende på.

Dei som har fire like, dannar ei gruppe

  • Lag fire og fire lappar som høyrer saman i kategoriar (dyr, organ, sjukdommar og liknande). Under finn du døme på omgrep frå emna økologi og fysiologi (sirkulasjons- og respirasjonssystemet).

  • Elevane får kvar sin lapp og går rundt i klasserommet for å finne dei tre andre som har lappar i same kategori.

Lag firargrupper i ein fei!

Viss du ikkje har tid til å lage faglege kategoriar som i dømet over, kan du bruke ein vanleg kortstokk for å lage grupper. Bruk så mange kort som du har elevar, og lat elevar med same verdi danne gruppe.

Bli kjend

Når alle fire har funne saman, kan gruppa få nokre minutt til å finne ut meir om temaet som lappane deira handla om. Det gruppa finn ut, kan dei presentere for dei andre gruppene.

Jobb vidare med eit gruppearbeid

Denne aktiviteten kan brukast som innleiing til eit større gruppearbeid. Viss gruppearbeidet handlar om det same temaet som på lappane, får elevane ein fin introduksjon til det dei skal undersøkje vidare.

Filer

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 05.08.2021

Læringsressursar

Slik kan du lære i biologi