Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Halloween i biologi

Halloween er ei høgtid som er full av spennande moglegheiter for å jobbe med biologi. Her har vi samla nokre forslag til aktivitetar for dykk. Kanskje de blir inspirerte til å lage ein halloweendag på skulen?
Ordet NDLA skrive med noko som ser ut som ferskt blod med blodsprut rundt. Ein skalpell er plassert delvis over skrifta. Bladet på skalpellen har same farge som teksten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blodig skrift

Lag "ekte" filmblod med berre to ingrediensar, og skriv ein beskjed til ein "god venn". Sjå oppskrift i forsøket om blodig skrift.

Ekte blod

Finger med bloddrope blir halden over ei lita glasplate. Foto.

Filmblod er vel og bra, men når vi har biologi, har vi faktisk ei fagleg grunngiving for å bruke ekte blod òg!

I dette forsøket skal de undersøke samansetjinga til blodet og studere korleis blodceller oppfører seg i ulike miljø: Forsøk: Vi undersøker blodet.

Aktuelt mål i læreplanen: utforske samanhengar mellom anatomi og fysiologi og gjere greie for prinsippa for livsprosessane i organismar

Slim

Slim må til for å markere denne høgtida på ein god måte, ikkje sant? I tillegg er slim ein viktig faktor i det uspesifikke immunforsvaret. Ja, for ikkje å gløyme at vi har eit heilt slimrike i systematikken! Det kan de lese meir om i artikkelen Det uspesifikke immunforsvaret og artikkelen Tre små rike.

Deretter kan de skaffe dykk litt meir handfast erfaring med slim med denne aktiviteten: Forsøk: Lag slim.

Aktuelt mål i læreplanen: gjere greie for korleis virale og mikrobielle sjukdommar oppstår, spreier seg og blir nedkjempa

Skjelett

Ung jente med notatblokk studerer eit skjelett. Foto.

Skriv ut dykkar eige 3D-skjelett. Bruk det til å jobbe med skjelett, musklar og rørsle – og til pynt, sjølvsagt!

Filene de treng, kan de laste ned frå Mr Bones -- Articulated Skeleton på nettsida Thingiverse.

Forslag til utvidingar:

  • Bruk diodar og lag lysande auge til skjelettet.

  • Lag ei lyslenke som ein modell for fordøyingskanalen. Klarer de å programmere lenka slik at lyset viser veg ned gjennom fordøyingskanalen?

Aktuelt mål i læreplanen: utforske samanhengar mellom anatomi og fysiologi og gjere greie for prinsippa for livsprosessane i organismar

Graskar

Graskar kjem opphavleg frå Amerika, og arkeologiske funn viser at dei amerikanske urfolka dyrka graskar for 5000–6000 år sidan. Graskar har eit tjukt, hardt skal som kan vere glatt, knudrete eller med langsgåande riller. Fruktkjøttet er gult til oransje, fast og søtt.

Fem ulike typar graskar av ulike storleik og farge. Eit avlangt graskar er delt i to så frøa inni kjem til syne. Foto.

Fruktkjøtt, ja, men er graskar ei frukt? Eller er det ei grønsak, ei nøtt eller eit frø? Disseker eit graskar og finn det ut. Viss de planlegg disseksjonen godt, kan de ende opp med ei fin graskarlykt til slutt.

Les meir om graskar og få tips til korleis de kan lage graskarlykt i artikkelen om graskar.

Aktuelt mål i læreplanen: utforske korleis dei taksonomiske kriteria har endra seg i tråd med den teknologiske utviklinga, og samanlikne organismar med omsyn til fellestrekk og variasjon

Hylande seigmenn og -damer

Seigmann med fortvilt ansiktsuttrykk blir halden nær ein flamme. Illustrasjon.

I dette forsøket skal de "plage" ein seigmann eller seigdame. De skal observere korleis hen reagerer, og prøve å forklare reaksjonen. Og kva skjer i kroppen vår når vi et seigmenn? Kan det samanliknast med det som skjer i dette forsøket?

Demoforsøk: Hylande seigmann

Aktuelt mål i læreplanen: gjere greie for korleis utvalde reguleringsmekanismar styrer homeostase hos mennesket, og undersøkje korleis livsstil kan påverke desse mekanismane

Fordjup deg i edderkoppar

Svart edderkopp med oransje striper ligg på handflata til ein person. Foto.

I oppgåva Fordjuping i ein dyreart skal du fordjupe deg i éin art frå dyreriket. I oppgåva vil du lære om tema som systematikk, økologi og biologisk mangfald, og ikkje minst funksjon og tilpassing hos dyrearten du har valt. Sidan det er halloween, vel du sikker ein skikkeleg skummel og dødeleg edderkoppart, eller?

Aktuelle kompetansemål i læreplanen:

  • utforske korleis dei taksonomiske kriteria har endra seg i tråd med den teknologiske utviklinga, og samanlikne organismar med omsyn til fellestrekk og variasjon

  • utforske samanhengar mellom anatomi og fysiologi og gjere greie for prinsippa for livsprosessane i organismar

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2021). Læreplan i biologi (NBIO01-02). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/bio01-02

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2022

Læringsressursar

Slik kan du lære i biologi