Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Spel PlayDecide!

PlayDecide er eit spel der de skal diskutere standpunkt til ulike tema. Finn ut kva du meiner, diskuter med andre, og formuler eit felles standpunkt.
To spelebrett med mange ulike kort på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tid: 90 minutt

Spelarar: grupper på fire til seks personar

Kom i gang med PlayDecide

Start med felles gjennomgang i klassen av temaet de skal diskutere. Spelarane blir oppmoda til å notere seg nokre tankar i høgre hjørne av spelebrettet undervegs i gjennomgangen.

Filer

Spelereglar

Alle spelarane skal ha eit spelebrett framfor seg. Dei ulike spelkorta skal gradvis fylle opp spelebrettet. Saman skal de diskutere dykk fram til eit felles standpunkt.

Spelekort PlayDecide

Reglar for diskusjonen

  • Alle har rett til å meine det dei vil.

  • Det er viktig å la alle sleppe til i diskusjonen.

  • Vis respekt for kvarandre, og ikkje avbryt når andre har orda.

  • Ver open for at nokon kan ha andre meiningar enn deg.

  • Forsøk å finne ut kva de er einige om.

Alle kan halde opp eit spelekort (gult kort) for å få ein pause i diskusjonen i tilfelle dei føler at andre ikkje følgjer reglane. Når problemet er løyst, held diskusjonen fram.

Det kan vere lurt å bruke ein digital tidtakar, til dømes stoppeklokka på KlokkeOnline, slik at gruppene har oversikt over tida.

Meir utfyllande instruksjonar

Fase 1. Innhenting av informasjon (30 minutt)

I denne fasen skal de jobbe med å finne ut kva de meiner om temaet. Les og vel kort du synest er viktige, og som støttar det du meiner om saka.

  1. Spelarane fordeler seg i grupper. Spelet er i gang!

  2. Alle spelarane les nokre personkort kvar og vel eitt kort som dei synest er interessant. Dette kortet blir plassert på spelebretten til den enkelte.

  3. Kvar spelar fortel dei andre på gruppa om kortet hen har valt.

  4. Alle spelarane les nokre infokort. Informasjonskorta gir faktakunnskapar rundt temaet som skal diskuterast. Kvar spelar vel to infokort som hen synest er interessante, og plasserer desse på spelebrettet sitt.

  5. Kvar spelar samanfattar infokorta sine til dei andre på gruppa.

  6. Gjennomfør same øving med grublekorta som de gjorde med infokorta.

Undervegs i spelet kan alle spelarane skrive på blanke kort for å legge til informasjon.

Fase 2. Diskusjon (30 minutt)

I denne fasen skal de snakke saman og fortelje kvarandre kva de tenker om saka. Bruk informasjon frå korta du har valt, til å dele argument som støttar det du meiner.

Diskuter saman med dei andre spelarane, og finn eitt eller fleire argument alle synest er viktig. La alle få høve til å uttale seg. Undervegs i diskusjonen skal de sortere kort som underbygger ulike argument. Desse blir plasserte på ulike grupperingsark.

Det er ulike måtar å gjennomføre diskusjonsrunden på:

  • Fri diskusjon: ingen restriksjonar. Diskusjonen flyt mellom spelarane på gruppa. Det er viktig at alle spelarane respekterer spelereglane og synspunkta til kvarandre.

  • Strukturert diskusjon: Spelarane legg fram innlegget sitt etter tur.

Vel den diskusjonsmetoden de trur vil fungere best for gruppa deira. Viss diskusjonen er vanskeleg eller går tregt, kan de bruke utfordringskorta.

Fase 3. Ta standpunkt i fellesskap (20 minutt)

I denne fasen skal de sjå på temaet som ei samla gruppe. Kva standpunkt er representerte i gruppa? Korleis har de sortert argumenta? Klarer dykk å komme fram til eit felles standpunkt?

  1. Alle les dei fire standpunkta knytte til temaet.

    • Finst det nokon likskapstrekk mellom dei ulike standpunkta?

    • Er eit av standpunkta meir eller mindre dominerande i gruppa?

  2. Klarer dykk å komme fram til eit felles standpunkt i gruppa? Viss ikkje: Formuler eit eige standpunkt for gruppa. Bruk det utdelte arket. Noter argument for synspunktet deira nedst på arket.

Avslutning

  1. Ta ein felles gjennomgang i klassen der alle gruppene presenterer sitt felles standpunkt.

  2. Er det stor variasjon i kva klassen meiner om temaet?

Tips!

Bruk eit digitalt verktøy for å hente inn informasjon om kva klassen meiner om temaet, til dømes Forms i Teams.

Skjermbilete av skjema som gir høve til å ta stilling til ulike påstandar. Foto

Kjelde

Undervisningsopplegget er ein revidert versjon av PlayDecide henta frå https://playdecide.eu/. Her kan de finne fleire tema knytte til ulike fag som det kan vere interessant å diskutere.

Relatert innhald

Spel PlayDecide og diskuter temaet vaksinar. Kva synest du om vaksinasjonstilbodet i Noreg? Korleis påverkar det helsa til deg og andre?

CC BY-SASkrive av PlayDecide.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2022

Læringsressursar

Slik kan du lære i biologi