Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver – systematikk

Desse oppgåvene tek for seg dei viktigaste temaa i emnet systematikk.

Oppgåve 1. Grunnleggjande om systematikk

  1. Kva er systematikk?

  2. Kvifor er det naudsynt å ha kunnskap om systematikk når vi skal jobbe med biologisk mangfald og forvaltning av natur?

  3. Kva meiner vi med at systematikk er ein dynamisk vitskap?

  4. Foreslå ulike måtar å systematisere plantane nedanfor på. Kva fordelar og ulemper har dei ulike måtane?

Blomsterplantar i mange forskjellige former og fargar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2. Taksonomiske nivå – dra og slepp

  1. Dra namna på dei taksonomiske nivåa til riktig plass.

  2. Dra namna som gjeld for mennesket, til riktig nivå.

Oppgåve 3. Nomenklatur

  1. Kva betyr omgrepet nomenklatur?

  2. Kvifor er nomenklatur viktig i biologi?

  3. Kva er eit vitskapleg namn?

  4. Vitskaplege namn tek ofte utgangspunkt i latin, eit språk som ingen lenger snakkar. Kvifor bruker vi latin når engelsk er mykje meir utbreidd og mykje meir brukt?

Oppgåve 4. Klassifikasjon – dra og slepp

Er dei ulike klassifikasjonane nedanfor baserte på slektskap, eller er dei kunstige (det vil seie at gruppene inneheld artar som ikkje er i nær slekt)?

Oppgåve 5. Systematikkens historie

  1. Kven var Carl von Linné? Kva var bidraget hans til systematikken?

  2. Kva betydning fekk Darwin sin teori om evolusjon for systematikken?

Oppgåve 6. Slektskapstre

  1. Kva er føremålet med eit slektskapstre?

  2. Kva er ein fylogeni?

  3. Lag skisser av slektskapstre som viser kvart av desse omgrepa:

    • monofyletisk gruppe

    • parafyletisk gruppe

    • polyfyletisk gruppe

    Forklar kva omgrepa betyr, og gi døme på slike grupper som er i bruk i dag.

  4. Forklar korleis datateknologi og kunnskap om DNA har endra systematikken dei siste tiåra.

  5. Organismar som er plasserte like ved kvarandre i eit slektskapstre, er ikkje nødvendigvis i nær slekt. Forklar kvifor.

  6. Kva er ein bestemmingsnøkkel?

  7. Forklar forskjellen på togreina og fleirgreina nøkkel.

  8. Bestemmingsnøklar i bøker eller appar kan hjelpe oss med å artsbestemme organismar. Foreslå situasjonar der vi kan få behov for å bruke bestemmingsnøklar.

Oppgåve 7. Systematiske grupper – dra og slepp

Oppgåve 8. Vel riktig påstand om systematiske grupper

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 05.08.2021

Læringsressursar

Systematikk