Hopp til innhald

Fagstoff

Soppriket

Sopp høyrer heime i soppriket. Tidlegare var sopp plasserte saman med plantane i planteriket, men sidan soppane strengt teke ikkje er i slekt med plantane, blei dei seinare fjerna frå planteriket.
Trediagram bygd opp av ellipsar med bilete av ulike organismar. Diagrammet er delt i to farga felt: Det grøne inneheld prokaryotar (bakteriar og erkebakteriar), og det blå inneheld eukaryotar (planteriket, dyreriket, soppriket, urdyrriket, slimriket, det gule riket). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sopp har likskapar med plantar …

Nærbilete av sporekapsel hos bjørnemose. Foto.

Sopp er eukaryote organismar som tidlegare blei plasserte saman med plantane. Sopp og plantar har fellestrekk som at dei formeirar seg ved hjelp av , og at dei er fastsitjande (urørlege).

Soppane har òg cellevegg, men han består av – og ikkje av , som hos plantane. Seinare blei soppane plasserte i eit eige rike, sidan dei strengt teke ikkje er i slekt med plantane.

… og dyr

Fleire soppar på trestammen på ei bjørk. Foto.

Sidan sopp ikkje kan drive , må dei ta opp organiske sambindingar via andre organismar. Vi seier at soppane er .

Mange av soppane skaffar seg næring ved å bryte ned døde plantar eller ved å leve i med andre organismar. Dei tek opp flytande næring ved gjennom den ytre overflata, sidan fordøyinga skjer på utsida av kroppen.

I tillegg til at sopp til liks med dyr er heterotrofe, har dei òg andre fellestrekk med dyr. Både sopp og dyr har og feitt som opplagsnæring – og aldri stivelse, som hos plantane.

Lav = sopp + alge

Lav (uekte soppar) blir til tider plassert i soppriket, sjølv om lav består av fleire organismar frå ulike rike. Grunnen til denne plasseringa er at lav alltid har sopp som hovudkomponent, men denne lever i symbiose med eller .

Gule strukturar med grøne klumpar innimellom. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Gult lav på stein. Foto.

Lav blir delte inn i tre hovudgrupper basert på korleis dei veks:

  • busklav (til dømes reinlav)
  • bladlav (til dømes neverlav)
  • skorpelav (til dømes kartlav).
CC BY-SASkrive av Ragnhild Baglo.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2021

Læringsressursar

Systematikk