Hopp til innhald

Fagstoff

Moderne systematikk

Etter at evolusjon blei akseptert som ein anerkjend teori, blei levande organismar klassifiserte ut frå slektskap og ikkje berre likskap. Dette har det i stor grad vore semje om sidan, men det er framleis ulike meiningar om kva som er den beste måten å klassifisere på.
Slektstre med (frå nedst til øvst) fugl, skjelpadde, firfisle, krokodille, sjimpanse og menneske. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit slektskapstre viser evolusjonært slektskap

Det finst berre eitt riktig , men vi kan ikkje vite sikkert korleis dette ser ut. Slektskapstrea vi lagar, er eigentleg om den evolusjonære slektskapen mellom organismane. I ein studie bruker ein alltid eit utval data og éin vald analysemetode. Andre val kan gi tre som ser heilt annleis ut.

Eit slektskapstre og ein klassifikasjon er ikkje nødvendigvis det same, og det er ikkje alltid opplagt korleis eit slektskapstre best skal "omsetjast". Nokre systematikarar lagar slektskapstre utan at dei jobbar med klassifikasjon. Andre bruker slektskapstre som eitt av fleire verktøy til å klassifisere organismar.

Eit slektskapstre eller ein fylogeni er ei grafisk framstilling av slektskapsforhold mellom organismar.

Klassifikasjon handlar om å lage grupper av organismar som har likskapstrekk.

Monofyletisk gruppe – felles stamfar

Slektstre med (frå nedst til øvst) fugl, skjelpadde, firfisle, krokodille, sjimpanse og menneske. Det er markert at menneske og sjimpansar høyrer til same monofyletiske gruppe: primatane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei mest brukte metodane i dag er såkalla fylogenetiske metodar. Dei inneber at ein avdekkjer slektskap ved å sjå på likskap i éin bestemt type trekk eller eigenskapar som representerer evolusjonære nyvinningar. Innanfor fylogenetisk klassifikasjon skal alle grupper, uansett nivå, vere det vi kallar monofyletiske. Det betyr at alle medlemmene i gruppa skal ha ein felles stamfar, og at alle etterkomarane etter denne stamfaren skal vere med i gruppa.

Parafyletisk gruppe – ikkje alle etterkomarar er med

Slektstre med (frå nedst til øvst) fugl, skjelpadde, firfisle, krokodille, sjimpanse og menneske. Det er markert at firfisler, skjelpadder og krokodillar høyrer til same parafyletiske gruppe: krypdyra. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ønsket om monofyletiske grupper har ført til store endringar, sidan mange av gruppene som har vore godtekne tidlegare, har vist seg å vere parafyletiske. At ei gruppe er parafyletisk, betyr at alle medlemmene i gruppa har éin felles stamfar, men at ikkje alle etterkomarane etter denne er med.

Slike grupper har gjerne blitt klassifiserte som grupper fordi artane hadde likskapar i karaktertrekk som oppstod på eit tidleg tidspunkt i utviklinga. Men seinare har éin eller fleire artar utvikla trekk som skil dei frå dei andre i gruppa. Nokon meiner at vi må kunne godta slike grupper i ein klassifikasjon, fordi vi òg bør ta omsyn til kor store endringar som har skjedd innanfor dei ulike linjene.

Krypdyr (reptil) er eit døme på ei parafyletisk gruppe

Fuglane er nærare i slekt med krokodillane enn dei andre krypdyra er. Det vil seie at dei har ein felles stamfar av nyare dato. Krypdyra blir kjenneteikna ved at dei har fleire gamle karaktertrekk (mellom anna er dei og skjelkledde), og ved at dei manglar nokre evolusjonære nyvinningar som kjem av tilpassing til eit liv i lufta, mellom anna fjør, venger og hole knoklar.

Tilhengjarane av rein fylogenetisk klassifikasjon godtek ikkje krypdyr som gruppe, men vil inkludere fuglane òg. Tilhengjarane av det vi kallar evolusjonær klassifikasjon, meiner at fordi fuglane har gjennomgått så store endringar, kan vi godta at krypdyra framleis utgjer ei gruppe, sjølv om ho er parafyletisk.

Polyfyletisk gruppe – ulike stamfedrar

Slektstre med (frå nedst til øvst) fugl, skjelpadde, firfisle, krokodille, sjimpanse og menneske. Det er markert at menneske, sjimpansar og fuglar høyrer til same polyfyletiske gruppe: dei varmblodige dyra. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I ei polyfyletisk gruppe har medlemmene av gruppa ulike stamfedrar. Medlemmene har nokre fellestrekk, men desse er ikkje baserte på slektskap. Det er stor semje om at polyfyletiske grupper er uønskte i ein biologisk klassifikasjon, men dei kan likevel vere nyttige når vi samanliknar ulike organismar. Varmblodige dyr er eit døme på ei parafyletisk gruppe.

Tips!

Viss du tenkjer deg at du tek ei saks og berre treng å gjere eitt klipp i slektskapstreet for å klippe ut ei gruppe – då har du klipt ut ei monofyletisk gruppe.

Saks klipper ut den monofyletiske gruppa primatar (menneske og sjimpansar) frå slektstre med (frå nedst til øvst) fugl, skjelpadde, firfisle, krokodille, sjimpanse og menneske. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Datateknologi og DNA endra systematikken

Det er spesielt to faktorar som har vore viktige for utviklinga innan systematikkfaget dei siste tiåra. Den eine faktoren er utviklinga av datateknologi, som har gjort det mogleg å analysere enorme datasett med til dels svært kompliserte modellar, og den andre er den auka tilgangen på molekylære karaktertrekk. Tidlegare blei det stort sett brukt synlege kjenneteikn, inkludert anatomiske. Dei siste tiåra har vi gjennom ulike molekylære metodar opna eit skattkammer med ei nærast uuttømmeleg mengd data, nemleg DNA. Det er likevel viktig å hugse på at mange moderne analysemetodar like gjerne kan brukast på utsjånad og oppbygging hos organismane som på molekylære karaktertrekk, og at det er fordelar og ulemper ved begge.

Artsspesifikke "strekkodar"

DNA-spiral kveilar seg rundt kart over Noreg. Tekst viser at dette er logoen til NorBOL, Norwegian Barcode of Life. Illustrasjon.

Nokon meiner at DNA er alt vi treng for å kjenne igjen (og beskrive) artar, og det blir jobba seriøst med å kartleggje "strekkodar" for ulike artar basert på genetiske kriterium. NorBOL (Norwegian Barcode of Life) er den norske representanten i det globale nettverket International Barcode of Life, og visjonen deira er å lage eit referansebibliotek av artsspesifikke, standardiserte DNA-sekvensar (strekkodar) av artar i norsk fauna og flora.




CC BY-SASkrive av Hanne Hegre, Ragnhild Baglo og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2021

Læringsressursar

Systematikk