Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fordjuping i ein dyreart

I denne oppgåva skal du fordjupe deg i éin art frå dyreriket. I oppgåva vil du lære om tema som systematikk, økologi og biologisk mangfald, og ikkje minst funksjon og tilpassing hos dyrearten du har valt.
Biletkollasj av frosk, ugle, tiger, edderkopp, snigel, skilpadde, veps, fisk og ape. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Til læraren

Alternative måtar å jobbe med oppgåva på:

  • Dette kan vere ei fin oppgåve å starte med tidleg i skuleåret. Det vil gi elevane ein referanseart for seinare tema som systematikk, økologi og biologisk mangfald, og ikkje minst funksjon og tilpassing hos ulike organismar.

  • Oppgåva kan òg brukast som ei oppsummering av dei ulike temaa.

  • Eit anna alternativ er å dele opp oppgåva opp og ta ho fram etter kvart som de jobbar med dei ulike temaa.

  • Det kan òg vere lærerikt for elevane å presentere dyreartane sine for klassen undervegs eller ved slutten av skuleåret.

Oppgåve

Vel deg ein dyreart som du ønskjer å lære meir om.

I tabellen under finn du ulike hovudgrupper av dyr. Du skal sjølv bestemme deg for kva art du ønskjer å spesialisere deg i.

Hovudgruppe av dyr

insekt

fisk (beinfisk og bruskfisk)

amfibium

krypdyr

fuglar

pattedyr

Uansett kva for eit tema du jobbar med, er det viktig å vere klar over kva kjelder du bruker. Før derfor opp ei referanseliste over alle kjeldene du bruker til fordjuping i arten du har valt.

  1. Systematikk

    Det vitskaplege namnet på ein art beskriv ofte karaktertrekk ved organismen.

    1. Finn fram til det vitskaplege namnet på arten du har valt. Kva betyr namnet?

    2. Undersøk òg

      • klasse

      • orden

      • familie

      • slekt

    3. Kva er det norske namnet på arten din? Finst det fleire norske namn? Betyr det vitskaplege namnet det same som det norske namnet?

  2. Lag ei skildring av dei karaktertrekka som er unike for arten din. Kva for nokre av desse trekka kan brukast til å artsbestemme han?

  3. Arten din er eit resultat av millionar av år med utvikling. Lag ei tidslinje over det evolusjonære opphavet til arten din.

  4. Funksjon og tilpassing

    Leveområdet til ein art blir kalla for habitatet til arten. Nisjen til ein art beskriv korleis arten utnyttar ressursane, og kva miljøfaktorar han er avhengig av («rolla» eller «jobben» til arten). Ein art kan beskrivast som anten ein generalist eller ein spesialist. Der generalistar trivst bra under mange vilkår og kan bruke mange ulike ressursar, har spesialistar særs bestemte krav til miljøet, og utbreiinga deira blir dermed meir avgrensa.

    Det er ressursar og miljøfaktorar som bestemmer kva tilpassingar som er gunstige for ein art.

    1. Beskriv kva funksjonar og tilpassingar som er karakteristiske for arten din i samband med miljøet han lever i.

    2. Undersøk utbreiinga til arten din, og beskriv habitatet han lever i. Bruk dette til å grunngi om du vil beskrive arten din som ein generalist eller ein spesialist.

  5. Reproduksjon

    Nokre dyreartar har indre befruktning, mens andre dyreartar har ytre befruktning. Nokre dyreartar formeirar seg ukjønna, mens mange formeirar seg kjønna.

    Bruk tekst og illustrasjonar til å beskrive korleis dyrearten din formeirar seg. Forklar kva for nokre fysiologiske tilpassingar arten har til denne måten å formeire seg på.

  6. Åtferd

    Åtferd kan vere både tillært og arva og dreier seg om alt frå instinkt til sosialt samspel og ritual i samband med det å finne partnar. Beskriv åtferda eller aspekt ved åtferda til arten din.

  7. Truga artar

    Mange artar er i dag truga av menneskeleg påverknad på naturen. For å kunne ta vare på ein art må vi vite noko om kva trugsmål artar møter. Artsdatabanken har derfor raudlistevurdert dei fleste artane i Noreg.

    Bruk Artsdatabanken til å finne ut kva status arten din har på raudlista. Kva er dei viktigaste trugsmåla mot arten?

Har du jobba med ein art som ikkje finst i Noreg, kan du bruke det internasjonale systemet for raudlisting: The IUCN Red List of Threatened Species.


Filer

CC BY-SASkrive av Guro Øistensen Jørgensen og Elida Arstad Skøien .
Sist fagleg oppdatert 25.06.2021

Læringsressursar

Systematikk