Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Artsbestemming – oppgåve med nøkling

Øv på å bruke ein nøkkel for å artsbestemme den oppdikta slekta 𝘍𝘪𝘤𝘵𝘪𝘰.
Plantar med blå og kvite blomstrar og ulikt tal blad. Blomster A: blå blomster, blad motsette på stengelen. Blomster B: blå blomster, blad ikkje motsette på stengelen. Blomster C: blå blomster, berre blad ved basis. Blomster D: kvit blomster, blad ikkje motsette på stengelen. Blomster E: blå blomster, blad ikkje motsette på stengelen, hårete stengel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve med nøkling av den oppdikta slekta Fictio

Her finn du ein enkel, togreina artsbestemmingsnøkkel for den oppdikta slekta Fictio med fem kjende artar. Kjenneteiknet på slekta er åttetalige blomstrar (blomstrar med åtte kronblad) som sit enkeltvis på ein ugreina stengel med eller utan stengelblad. Blomstrane er oftast blå, men nokre gonger kvite. Start nøklinga med å velje eitt av dei to alternativa under punkt 1 for så å nøste deg vidare til riktig art.

Artsbestemmingsnøkkel

Artsbestemmingsnøkkel for den oppdikta slekta 𝘍𝘪𝘤𝘵𝘪𝘰. Trinn 1: Ingen blad på stengelen. Alle blad ved basis. -> Art: 𝘍𝘪𝘤𝘵𝘪𝘰 𝘴𝘤𝘢𝘱𝘰𝘴𝘢. Trinn 1: Blad både på stengelen og ved basis. -> Gå til trinn 2. Trinn 2: Stengelblada sit motsett på stengelen - > Art: 𝘍𝘪𝘤𝘵𝘪𝘰 𝘰𝘱𝘱𝘰𝘴𝘪𝘵𝘪𝘧𝘰𝘭𝘪𝘢. Trinn 2: Stengelblada sit ikkje motsett på stengelen. -> Gå til trinn 3. Trinn 3: Kvite blomstrar -> Art: 𝘍𝘪𝘤𝘵𝘪𝘰 𝘢𝘭𝘣𝘢. Trinn 3: Blå blomstrar -> Gå til trinn 4. Trinn 4: Stengel hårlaus -> 𝘍𝘪𝘤𝘵𝘪𝘰 𝘷𝘶𝘭𝘨𝘢𝘳𝘪𝘴. Trinn 4: Stengel hårete, i alle fall nedst -> 𝘍𝘪𝘤𝘵𝘪𝘰 𝘱𝘶𝘣𝘦𝘴𝘤𝘦𝘯𝘴. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  • Artsbestem artane A–E.
  • Kva betyr dei latinske artsnamna?
  • Kan du lage ein art til i slekta Fictio og byggje om nøkkelen for å få med denne òg?
  • Kva skjer viss art D ikkje blomstrar, men er i knopp eller ber frukt?
CC BY-NC-SASkrive av Hanne Hegre.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2021

Læringsressursar

Systematikk