Hopp til innhald

Fagstoff

Systematikk

Systematikk handlar om metodar for å sortere organismane på jorda i grupper basert på evolusjonært slektskap. Artar blir plasserte i eit hierarkisk system av mellom anna artar, slekter, familiar og ordenar. Ein felles systematikk er naudsynt for å kunne ta vare på det biologiske mangfaldet.
Mange fargerike sommerfugler fiksert på hvit overflate. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biologisk mangfald og organiseringa av alle artar

Biologisk mangfald finst både på økosystem-, arts- og gennivå, men det er ofte artsmangfaldet som er i søkjelyset. Ingen veit sikkert kor mange artar som finst i verda. I underkant av to millionar artar er beskrivne, men talet er i realiteten mykje høgare. Det blir stadig oppdaga nye artar. Ut frå det som er registrert i Noreg i dag, reknar vi med at det finst om lag 72 000 artar her i landet, men 25 000 av disse har vi ikkje oppdaga enno! (Artsdatabanken, 2023).

Ein føresetnad for å kunne ta vare på det biologiske mangfaldet vårt er at vi har kunnskap om dei ulike organismane og leveviset deira. Det biologiske mangfaldet må organiserast på ein slik måte at det er mogleg å finne fram og ha oversikt over alle dei millionar av artar som vi kjenner til.

Systematikk – organisering basert på slektskap

Systematikk er læra om det biologiske mangfaldet og korleis dette mangfaldet er organisert i eit hierarkisk system basert på kunnskap om det evolusjonære slektskapet mellom organismane. Ein meir snever definisjon av systematikk omfattar ikkje dei evolusjonære relasjonane mellom organismane, men er synonymt med det vi kallar taksonomi.

Taksonomi – klassifisering av organismane

Taksonomi handlar om identifikasjon, beskriving, og klassifisering av organismar. Organismane blir klassifiserte i ulike grupper og nivå basert på , kjemi og åtferd, i tillegg til felles karaktertrekk som korleis cellene er organiserte, og .

Dei taksonomiske nivåa som hovudsakleg blir nytta i klassifikasjonssystemet, er vist under.

Sjimpansen gjennomgår flere utviklingstrinn og blir til slutt et kvinnemenneske. Likebeint trekant med spissen ned er delt opp i vannrette felter som representerer de taksonomiske nivåene: domene, rike, rekke, klasse, orden, familie, slekt og art. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tillegg blir det iblant nytta ekstranivå mellom desse, til dømes underklasse og overorden. Den rådande oppfatninga i dag er at klassifikasjonen til ei organismegruppe skal vere basert på felles slektskap der artane i ei avgrensa og definert gruppe har ein felles stamfar, og der alle etterkomarar etter denne stamfaren er inkluderte i gruppa (monofyli)

Alle organismar er fordelte på domene og rike

Domene er det høgaste nivået innanfor klassifikasjonen og er rangert over rike. Dei tre domena er bakteriar, erkebakteriar og eukaryotar. Bakteriar og erkebakteriar dannar ei gruppe vi kallar prokaryote organismar. Desse har – i motsetnad til dei eukaryote organismane – ingen cellekjerne. I figuren nedanfor ser du korleis dei eukaryote organismane kan delast inn i ulike rike.

Trediagram bygd opp av ellipsar med bilete av ulike organismar. Diagrammet er delt i to farga felt: Det grøne inneheld prokaryotar (bakteriar og erkebakteriar), og det blå inneheld eukaryotar (planteriket, dyreriket, soppriket, urdyrriket, slimriket, det gule riket). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dynamisk vitskap

Systematikken er ein dynamisk vitskap. Det vil seie at han endrar seg etter kvart som vi skaffar oss ny kunnskap. Føreslegne klassifikasjonar kan variere noko, og det som blir rekna som ei rekkje i eitt system, kan vere ei underrekkje i eit anna, men like korrekt klassifikasjonssystem.

Denne dynamikken gjer fagfeltet utfordrande, men også interessant og spennande. I dag har vi eit stort behov for å styrkje den vitskaplege kompetansen knytt til kunnskap om artar og systematikk, slik at vi i framtida vil vere betre rusta til å kartleggje, bevare og forvalte mangfaldet.

Kilde

Artsdatabanken. (2023, 1. februar). Ny kunnskapsstatusrapport viser - 25 299 arter ennå ikke funnet. https://www.artsdatabanken.no/Pages/325365/Ny_kunnskapsstatusrapport_viser_-_25#:~:text=Den%20nye%20kunnskapsstatusen%20viser%20at,i%20Norge%20blir%2072%20190.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Baglo og Hanne Hegre.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2021

Læringsressursar

Systematikk