Hopp til innhald

Fagstoff

Dyreriket

Dyreriket er det største riket målt i talet på artar. Nesten 75 prosent av alle beskrivne artar høyrer til dyra. Av dei er cirka 75 prosent insekt, og stadig oppdagar vi nye artar.
Trediagram bygd opp av ellipsar med bilete av ulike organismar. Diagrammet er delt i to farga felt: Det grøne inneheld prokaryotar (bakteriar og erkebakteriar), og det blå inneheld eukaryotar (planteriket, dyreriket, soppriket, urdyrriket, slimriket, det gule riket). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dyra er heterotrofe – dei får energi frå andre organismar

Brunbjørn fiskar laks. Foto.

Dyra er til liks med plantane fleircella . Den største forskjellen mellom dyr og plantar er måten dei skaffar seg næring på. Dyra manglar i cellene og kan dermed ikkje lage energirike sambindingar sjølv, slik plantane gjer ved fotosyntese.

Dyra tek opp næring ved å bryte ned kjemiske sambindingar frå levande eller døde organismar som dei et. Dei blir derfor kalla organismar. Blant dei heterotrofe organismane er det stor variasjon i korleis dei tek opp næring.

Dyra har kompleks oppbygging og spesialiserte celler

Dyra er spesielle på den måten at dei har forskjellige typar av spesialiserte celler og samansette kroppsstrukturar. Kompleksiteten hos dyra aukar frå å bestå av spesialiserte celler til å ha vev, organ og organsystem.

Kvit svamp på stein. Foto.

Svampane er dei dyra som er enklast bygde opp. Svampane har ikkje utvikla vev og organ, men har spesialiserte celler som utfører ulike oppgåver. Nesledyra blir rekna som den første rekkja som utvikla vev, mens flatormane mest sannsynleg var dei første organismane som utvikla spesielle organ. På det neste nivået finn vi mellom anna oss sjølve. På dette komplekse nivået jobbar fleire organ saman i såkalla organsystem som utfører bestemte oppgåver (til dømes nervesystemet og fordøyingssystemet).

Inndelinga innanfor dyreriket

Det rår ein del usemje om klassifiseringa innanfor dyreriket, både på høgare og lågare systematiske nivå (alt frå talet på rike til den finare inndelinga av dei enkelte slektene).

CC BY-SASkrive av Ragnhild Baglo.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2021

Læringsressursar

Systematikk