Hopp til innhald

Fagstoff

Samandrag – systematikk

Dette samandraget gir deg oversikt over det viktigaste fagstoffet i emnet systematikk.
Mange fargerike sommarfuglar fikserte på kvit overflate. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Systematikk og nomenklatur

  • Systematikk er læra om korleis det biologiske mangfaldet blir organisert i eit hierarkisk system basert på slektskapen mellom organismane.

  • Nomenklatur er reglar for namnsetjing. I biologien vil det seie reglar for korleis vi set namn på organismar.

Raudleg fisk med piggete ryggfinne. Illustrasjon.

Systematikkens historie

  • Linné la fram viktige prinsipp for skildring av artar, systematikk og nomenklatur på 1700-talet.

  • Med Darwin sin teori om evolusjon blei det lagt større vekt på slektskap ved klassifisering av artar.

  • I dag bruker vi som oftast molekylære karaktertrekk basert på DNA-analysar.

Moderne systematikk

Slektstre med (frå nedst til øvst) fugl, skjelpadde, firfisle, krokodille, sjimpanse og menneske. Det er markert at menneske og sjimpansar høyrer til same monofyletiske gruppe: primatane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Eit slektskapstre eller ein fylogeni er ei grafisk framstilling av slektskapsforhold mellom organismar.

  • Klassifikasjon handlar om å lage grupper av organismar som har likskapstrekk.

  • Gruppene vi studerer, må vere det vi kallar monofyletiske. Det inneber at alle medlemmene i gruppa har ein felles stamfar, og at alle etterkomarane etter denne stamfaren er med i gruppa.

  • Inndelingar som ikkje er monofyletiske, kan vere nyttige i enkelte samanhengar.

    • Parafyletisk gruppe: Alle medlemmene i gruppa har éin felles stamfar, men ikkje alle etterkomarane etter denne er med. Døme: krypdyr.

    • Polyfyletisk gruppe: Medlemmene av gruppa har ulike stamfedrar. Døme: varmblodige dyr.

Organismane er fordelte på domene og rike

Trediagram bygd opp av ellipsar med bilete av ulike organismar. Diagrammet er delt i to farga felt: Det grøne inneheld prokaryotar (bakteriar og erkebakteriar), og det blå innehelder eukaryotar (planteriket, dyreriket, soppriket, urdyrriket, slimriket og det gule riket). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakteriar og erkebakteriar

Domena bakteriar og erkebakteriar består av organismar som manglar ein avgrensa cellekjerne. Dei blir kalla prokaryotar.

Planteriket

Plantane var dei første eukaryote organismane som erobra landjorda. Hovudårsaka til at plantane har lykkast så godt, er at dei skaffar seg energirike sambindingar ved å utnytte sollyset. Dette bana veg for dyra, som fekk mat, oksygen og ly frå plantane.

Dyreriket

Dyra får energi frå andre organismar. Dei er vanlegvis komplekse organismar med spesialiserte celler, vev og organ.

Soppriket

Sopp har fellestrekk med plantar ved at dei formeirar seg med sporar og er fastsitjande. Til liks med dyr må sopp ta organiske sambindingar frå andre organismar.

Tre små rike

Organismar som ikkje har ei opplagd plassering i dei store rika, høyrer til eit av dei tre små rika:

  • det gule riket

  • slimriket

  • urdyrriket

Her finn vi eit vidt spekter av organismar, både eincella og fleircella: enkelte tangartar, slimsoppar, amøbar og flagellatar.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2021

Læringsressursar

Systematikk