Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver til feltrapporten

Desse oppgåvene skal få deg til å reflektere over korleis du og medelevane dine kan lage gode feltrapportar. Her får du trening i å vurdere hypotesar og feilkjelder. Du får i tillegg øving i å vurdere og velje best mogleg presentasjon av observasjonsdata.
Jente med måleutstyr sit på svaberg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dokumentasjon om vasskvalitet

Sjå for dykk at de er på feltarbeid i fjøra og skal undersøkje vasskvaliteten.

Oppgåvebeskriving for undersøking av vasskvalitet

  1. På sida blir det gitt fem ulike feltoppgåver om vasskvalitet. Vel to av desse oppgåvene, og diskuter ulike hypotesar som kan setjast fram til desse. Kva må de tenkje på når de formulerer hypotesar?

  2. Tenk at de gjer målingar av surleiksgrada i havet (pH) på feltlokaliteten og får resultat som i tabellen under.

    Diskuter korleis de best kan vise resultata grafisk i ein feltrapport, og korleis de kan formulere ulike tolkingar av målingane. Drøft òg kva feilkjelder desse målingane kan ha, og korleis de ville forklart klassen kva pH er, under ein tenkt presentasjon av feltrapporten. Kva illustrasjonar ville vere viktige å bruke til dette avsnittet i rapporten?

Djupn

pH, lokalitet 1

pH, lokalitet 2

pH, lokalitet 3

Overflate

7,2

7,5

7,6

1 meter

7,9

8,0

7,2

10 meter

8,2

8,0

8,3

Dokumentasjon av fugleobservasjonar

Ei jente ser gjennom ein kikkert. Foto.

Fugleobservasjonar er ei feltoppgåve om observasjon av fugl ved eksponert fjøre. Tenk deg at du og resten av gruppa di observerte fuglar ein heil dag då de var på feltarbeid, og at de har teke notat frå kamuflasjeteltet (sjå tabell).

Feltoppgåve om fugleobservasjonar

Drøft i gruppa korleis de kan arbeide med desse resultata, og korleis de kan presentere observasjonane i feltrapporten. Kva illustrasjonar ville de ha brukt, og kva typar åtferd hos fuglane ville de ha lagt særleg vekt på å forklare?

Tidspunkt

Art

Observert (tal og åtferd)

08.00

Svartbak

8 stk. Aktive, åt fisk på land.

08.00

Fiskemåse (?)

Mange, minst 20. Hylte og skreik. I flukt.

08.40

Mink (!)

Skremde alle måsane. Sumde langs land.

09.15

Ein flokk ender, stokkender?

Flaug hurtig over bukta. Cirka 15 stk.

10.05

Småfuglar (lerker?)

4–5 stk. Åt i taren som låg langs stranda. Vi ser desse gjennom heile ettermiddagen, av og til éin, andre gonger 3–4 stk. Dei liker seg her.

11.00

Matpause i teltet

Kari har makrell i tomat på brødskiva.

12.15

Lakseand

Eit par, flotte! Hann og ho, dykkar etter mat.

12.25

Vandrefalk

Flaug hurtig over bukta, lakseendene flaug av stad.

14.10

Svartbak

2 stk. Sette seg på skjeret, den eine står på eitt bein! Dovne fuglar.

14.15

Falken kom tilbake

Flaug hurtig over bukta. Måsane stakk av.

14.30

Ærfugl

6 stk. 4 hannar, 2 hoer. Dykkar. Kva et dei? Sym over bukta, forsvinn bak odden.

15.10

Måsar

Ein sjark kjem mot land. Ein haug med måsar følgjer etter. Måsane skrik og plukkar opp fiskeavfall.

15.30

Måsar, fiskemåsar, svartbak, gråmåse, sildemåse?

Mange, minst 50. Fleire artar. Ein har gule bein og svarte vengjer. Ligg på vatnet i bukta, nokre sit på skjeret. Lagar mykje lyd. For eit måseliv!

16.10

Falken kom endå ein gong

Flaug hurtig over bukta, måsane letta og hylte som besette.

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Om feltarbeid