Hopp til innhald
Fagartikkel

Feltarbeid i biologi

Feltarbeid er viktig for at du som har biologi, skal kunne forstå samanhengar i naturen. Du skal få kjennskap til abiotiske og biotiske miljøfaktorar ved å bruke ulike feltmetodar, og på den måten kombinere teori og praksis. Mange opplever dessutan feltarbeidet som fagleg motiverande.

Feltarbeid

Feltarbeid gir eit raskt, spennande og intenst innblikk i faget biologi, men det er mykje som må førebuast og planleggjast før klassen skal ut i felt. Det er positivt for både motivasjonen og forståinga at dei som skal gjennomføre undersøkingane, får vere med på å planleggje, prioritere og fordele ansvarsområde.

Under feltarbeidet får du brukt biologiske arbeidsmetodar og tileigna deg mykje kunnskap gjennom praktisk arbeid. Erfaringar, registreringar og innsamla materiell gir eit verdifullt grunnlag og inspirasjon for vidare arbeid gjennom skuleåret.

Kva vil du undersøkje?

Artskunnskap og systematikk er nyttig for feltarbeidet i biologi 1. Du skal bruke biologiske arbeidsmetodar til å samle inn og kartleggje organismar. Desse skal du samanlikne og artsbestemme ved hjelp av kunnskap frå systematikken. Til dette arbeidet treng du oppslagsverk og nøklar.

Vi kan kartleggje heile økosystem og sjå på samanhengar (variasjon og tilpassingar), eller vi kan studere enkeltprosessar og artar i ulike biotopar.

Typar undersøkingar og organisering

Uansett kva for eit ekskursjonsområde vi vel, er det mange undersøkingar og kartleggingar vi kan gjere. Alle treng ikkje å gjere det same. Når fysiske målingar eller andre oppgåver krev at ein bruker mykje tid, eller at ein lærer seg prosedyrar og bruk av utstyr, kan det vere naudsynt å fordele ansvarsområde. Nokre av undersøkingane kan fordelast mellom fleire grupper, som seinare kan dele erfaringane og rapportane sine med kvarandre. Det er viktig å avtale korleis kunnskap og erfaringar skal delast i etterkant.

Førebuingar og etterarbeid

Når vi har valt ekskursjonsområde og fastsett tidsrammer, kan vi setje opp tidsskjema for dei ulike aktivitetane:

  • Ansvarsfordeling: utstyr og målemetodar/undersøkingar.
  • Utstyr: klargjering og kalibrering av utstyr.
  • Opplæring i bruk av utstyr og oppslagsverk (innføring i systematikk).
  • Rapportskriving: avtale korleis resultat og vurderingar skal dokumenterast og presenterast.
  • Kart: Førestudium av ekskursjonsområdet på digitale kart kan gi mykje nyttig informasjon om bonitet, høgd over havet, helling, berggrunn, avrenning, påverknad med meir. I etterkant kan vi leggje inn informasjon om funn under feltarbeidet. Kartet kan inngå som ein del av dokumentasjonen i feltrapporten. Bilete som blir tekne med mobiltelefon, kan òg geotaggast.
  • Overnatting, mat og transport.
  • Objektsamling: Å lage ei objektsamling er nyttig for å få kunnskap om artar frå ulike habitat. Det gir praktisk erfaring som kan hjelpe oss med å forstå korleis det biologiske mangfaldet er systematisert.

  • Etterarbeid: Jordprøver, planktontrekk, plantar, insekt med meir kan brukast til vidare studium og klassifisering etter at vi har kome tilbake til skulen. Rapportskriving, presentasjonar og objektsamling er òg ein del av etterarbeidet.

Nyttige ressursar: