Hopp til innhald

Fagstoff

Objektsamling

Ei objektsamling kan vere ei samling av organismar og spor etter desse. De skal samle inn, kartlegge, utforske og systematisere ulike organismar og deretter legge fram resultata.
Døde sommarfuglar festa med nåler til ei isoporplate. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva skal vi samle?

Ei objektsamling er ei samling av objekt som representerer ulike organismar. Objektsamlinga kan vere samansett på ulike måtar.

Samlinga kan til dømes

Eske med muslingar og sniglar i ulike rom. Foto.
  • vere ei rein plantesamling av tørka og pressa plantar (herbarium)
  • representere det biologiske mangfaldet i eit avgrensa område
  • representere ein størst mogleg del av systematikken
  • vere ei rein dyresamling av dyr, spor og sporteikn


Det er viktig at objekta er av god kvalitet og representative for arten, sidan det lettar arbeidet med identifisering og godkjenning. Når de pressar plantar, bør både stengel, blomstrar og blad vere med, men ikkje røter.

Slik lagar du eit herbarium

Digital objektsamling

De kan òg lage ei digital objektsamling. Då tek de eigne bilete av plantar, dyr og sporteikn. I etterkant kan de redigere bileta, plassere artane inn i systematikken og skrive omtalar til kvart enkelt bilete. Det er viktig at det er god fagleg og fototeknisk kvalitet på bileta, slik at identifisering er mogleg.

Skriftleg omtale

Kvart objekt skal ha ein kortfatta skriftleg omtale. Han skal innehalde

  • vitskapleg namn
  • godkjent norsk namn
  • objektet sin plass i systematikken
  • dato og funnstad
  • kven som fann det

I tillegg kan de gjerne ta med noko om tilpassingar, kulturhistorie knytt til objektet og utbreiingsområde for eit avgrensa utval av objekta.

Det er mogleg å kjøpe plantepapirblokker i bokhandelen. Dei består av ark der ein kan montere tørka plantar med teip eller kontaktpapir. I ferdige rubrikkar skriv de inn dei naudsynte opplysningane. Arka inneheld òg eit felt der læraren kan signere ved godkjenning.

Ei side frå ei objektsamling med pressa blåbærlyng, systematikk og omtale. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omfang og organisering

Kor stor samlinga skal vere, er det opp til faglæraren og klassen å bestemme. Det er vanleg med 30 til 60 objekt, avhengig av kva modell de vel.

Ulike modellar

  • Individuell: Kvar elev leverer ei eiga objektsamling.
  • Gruppe: Fleire elevar samarbeider om ei objektsamling.
  • Klasse: Alle i klassen bidreg med eit avgrensa tal objekt, men elevane skal ha kunnskap om heile samlinga.

I tilfelle nokre objekt ikkje blir godkjende, kan det lønne seg å ha med litt fleire enn det kravet tilseier.

Samlinga bør organiserast etter rike, rekke, klasse og så vidare. I tillegg bør omtalar og objekt nummererast. Dette er spesielt viktig viss objekta er i esker, glas og liknande, mens dei tilhøyrande omtalane er i ein perm. Ikkje set på nummer før alle objekta er samla og skal organiserast.

Innsamling

De kan samle inn objekt under haustekskursjonen, slik at samlinga utgjer eit verdifullt grunnlag for resten av skuleåret. Deretter kan de ved behov supplere samlinga på fritida.
Pass på å samle plantar når forholda ligg til rette for det. Spor og sporteikn kan de samle/fotografere heile året.

Teikneseriefigurane Marianne og Tommy i teikneserien Tommy og Tigern'n skal levere objektsamling på skulen, men Tommy har gløymt å samle inn i løpet av skuleåret. Han gjer derfor eit siste og desperat forsøk på å samle inn ein maur på skulevegen. Illustrasjon.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Baglo.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2023

Læringsressursar

Om feltarbeid