Hopp til innhald

Fagstoff

Døme på feltarbeid i fleire miljø

Korleis de gjennomfører feltarbeidet, er opp til kvar enkelt klasse: Kvar er det naturleg å dra, og kva er det naturleg å undersøkje? Skal de kartleggje eitt økosystem grundig, eller skal de studere enkeltprosessar og -artar i ulike biotopar?
To ungdommar ligg på magen i eit fjellområde og undersøkjer vegetasjonen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innsjø

Tre personar i ein båt. Dei trekkjer garn. Foto.

Viss de vel innsjø som ekskursjonsområde, kan det òg vere naturleg å studere vegetasjon og i terrenget rundt vatnet. Det vil gi ei heilskapsforståing og eit godt grunnlag for å forstå artsutvalet og dei som organismane i vatnet er tilpassa.

Prøvefiske er tidkrevjande, men gir moglegheiter til å vurdere oppvekstvilkår, , om vatnet er «overbefolka», og mykje meir.

Fjøre

Her er det naturleg å studere både ulike i strandsona på land og livet i vatnet. Kva fellestrekk og tilpassingar finn vi hos plantar som kan vekse på ei strandeng, eller hos dyr som lever med bølgjeslag og varierande vasstand?

Sjå forslag til aktivitetar under Feltarbeid i fjøra.

Fjell

Biotopar som rabb, myr, snøleie, lynghei og fjellbjørkeskog byr på tøffe som krev god tilpassing frå dei organismane som lever der. I dette sårbare økosystemet kan vi studere tilpassingar hos enkelte organismar, og vi kan sjå korleis artsutvalet er styrt av miljøfaktorane i ulike habitat og nisjar.

Sjå forslag til aktivitetar under Feltarbeid på fjellet.

Elv

To ungdommar driv med feltarbeid i ei elv. Foto.

Livet i elva blir påverka av nedbør og avrenning frå heile . Organismar som lever i elva, må derfor tole stadige variasjonar i vasstand, straum, næringstilgang og temperatur. Laks, aure og elvemusling er døme på organismar som har ulike preferansar og tilpassingar til elvebotn, straum og vassdjupne.

Skog

Ved å samanlikne bygningstrekk og tilpassingar hos artar i lauvskog, i granskog og på hogstflater får vi innsikt i den variasjonen som finst i ulike habitat og nisjar. Metodar som og kan brukast til å talfeste førekomstar i dei ulike miljøa. Ved å følgje det same området haust, vinter og vår kan vi sjå fleire typar av tilpassingar og registrere korleis artsutvalet varierer med årstida. Vi kan òg sjå på jordprofilar, setje ut insektfeller og studere spor og sporteikn for å sjå kva dyr som lever i dei ulike skogstypane.

Myr

To personar går over ei raud myr. Foto.

Mykje vatn, låg temperatur, låg pH-verdi og mangel på oksygen stiller spesielle krav til artar som skal vekse på ei myr. Torvmosen er til dømes verd eit studium, mellom anna fordi han skil ut (som er bakteriedrepande), har evne til å halde på vatn og dessutan har konserverande og torvbyggjande eigenskapar.

Om torvmose: Visste du at?

Vi kan finne kjøtetande plantar som er tilpassa næringsfattige forhold, og plantar med luftstenglar som toler å stå i vatn. Tuer og høljer har svært ulikt artsutval. Ved å samanlikne desse (gjerne med rute- eller linjeanalyse) kan vi sjå korleis biologisk mangfald heng saman med variasjon i og .

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Om feltarbeid