Hopp til innhald

Feltarbeid

Undersøkingar i felt er grunnlaget for kunnskapane vi har om samspelet mellom organismane og det miljøet dei lever i. I felt skal de gjere eigne observasjonar og bruke desse til å sjå samanhengar i økosystem.

Feltarbeid i fjøra

Gjennom feltarbeidet skal du lære om ulike artar, og om korleis dei er tilpassa miljøet dei lever i. Du skal òg lære å samle inn artar, sortere dei etter slektskap og presentere resultatet. Her finn du forslag til mange undersøkingar du kan gjere i fjøra.