Arbeidsoppdrag
Feltarbeid: tidvatn
Tidvatn kjem av at månen og sola trekkjer på vatnet på jorda med tyngdekrafta si. Tidvatnet varierer mykje langs kysten vår. Mens tidvassforskjellen er nesten null i Sørvest-Noreg, er han fleire meter i nord. Når tidvatnet er på det høgaste, blir det kalla «flod», mens lågvatn blir kalla «fjøre».
I dette feltarbeidet skal de undersøkje korleis tidvatnet endrar seg i ein viss periode. De skal også registrere kva for organismar de finn i tidvassona.
- målestav med meter- og centimeter-skala
- tidvasstabell frå Statens kartverk
- skriveunderlag
Bruk ein stor linjal som tidvassmålar. Fest tidvassmålaren til ein bryggjepåle eller i botnen. Kor lang linjalen må vere, er avhengig av tidvassforskjellane i området dykkar.
- Monter tidvassmålaren slik at de med jamne mellomrom kan lese av korleis vasstanden beveger seg. Hugs at de må vite kvar vasstanden er samanlikna med låg- og høgvatn når de startar målingane. For å berekne tidvatnet der de bur, kan de bruke ein tidvasstabell frå Statens kartverk.
- Les av vasstanden ved starttidspunktet og med jamne mellomrom heile dagen, til dømes kvar halvtime. Lag ein tabell, og noter klokkeslett og vasstand som +cm eller –cm jamført med «nullpunktet» (då de starta).
- Mellom målingane kan de undersøkje tidvassona i ekskursjonsområdet og finne typiske organismar som lever i denne sona.
- Lag ei artsliste og ein skala (t.d. frå 1 til 5) som seier kor talrike organismane er. Ta bilete av nokre av organismane de finn.
Til ekskursjonsrapporten
- Stemte målingane dykkar med det tidvassberekninga viste?
- Dersom dei ikkje gjorde det: Korleis var avviket, og kvifor trur de det blei slik?
- Kor mykje endra vasstanden seg i perioden de målte?
- Kva har tidvatnet å seie for livet i fjøra?
- Kva organismar fann de i tidvassona?
- Var det nokon artar som dominerte kraftig?