Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: dyreliv på tang- og tarestrender

Somme stader langs kysten vår blir store mengder tang og tare skylde på land ved uvêr. Tangen samlar seg i store haugar, der han blir liggjande og ròtne. Her myldrar det av liv!
I ei fjøre er det skylt i land store mengder tang og tare. Det ligg i eit tjukt, brunt belte på sanden. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I denne oppgåva skal de undersøkje livet i og ved ròtnande tang.

Ròtnande tang er ein viktig næringsressurs

Ein liten grå og kvit fugl rotar med nebbet i noko tare. Foto.

Tang og tare er næringsrikt, og den ròtnande tangen utviklar seg snart til eit spiskammer av næring for mange andre organismar. Nede i tangen myldrar det av små krepsdyr, insektlarvar og ikkje minst av bakteriar som bryt ned algane. Bakteriane er usynlege for auga, men lukta frå nedbrytinga er lett å kjenne.

Mange fugleartar finn næring blant den ròtnande tangen. Særleg tidleg på våren (mars/april) og ved hausttrekket (september) kan fuglelivet på ròtnande tare vere svært rikt. Då kan ein observere fugleartar som vanlegvis ikkje held til i området, men som no fråtsar i næring langs trekkruta.

Førebuing

Eit viktig førearbeid er å setje seg inn i dei vanlegaste fugleartane som finst i området dykkar, og som passerer som trekkfuglar på våren og hausten.

Kva for nokre smådyr kan de forvente å finne?

Lag ei artsliste, og les om artane i bøker og på internett.

Tips!

Kontakt eit Norsk Ornitologisk Forening-lokallag i området dykkar. Miljøvernstyresmaktene i fylket og kommunen kan òg kanskje hjelpe.

Framgangsmåte

Abiotiske og biotiske forhold

  1. Start med å beskrive korleis området ser ut, og gjer eit anslag over kor mykje tang som er skyld på land. Det kan de gjere ved å anslå lengd, breidd og høgd på tanghaugen og så rekne ut volumet.
  2. Beskriv òg korleis området luktar, og kva konsistens tangen har.
  3. Bruk eit elektronisk termometer, og grav temperaturfølaren så langt ned i tangen de greier. Les av temperaturen etter ein halv time. Samanlikn med temperaturen like under tangoverflata og med lufttemperaturen. Noter.
  4. Leit i tangen etter smådyr. Samle inn det de finn, legg dyra på små glas, og undersøk dei seinare. Noter, og ta bilete.
  5. Ta med prøver av tangen tilbake til skulen, og sjå på dei i lupe (og eventuelt i mikroskop). Noter, og vis tangprøvene for klassen med videolupe.

Pass på!

Store haugar med ròten tare kan vere ei felle! De kan lett sige under til livet eller lenger. Bruk sikringsline!

Fugleobservasjonar

  1. Observer og registrer fuglelivet ved tangen. Kamufler dykk godt ved å bruke kamuflasjetelt, kamuflasjeduk eller ved å gøyme dykk i terrenget. Bruk klede med naturfargar slik at de blir naturleg kamuflerte. Bruk finlandshette om de har. Synet av eit ansikt kan lett skremme fuglane.
  2. Ver tolmodige, og observer fuglar ved og på tangen gjennom heile skuledagen. Dersom de startar grytidleg om morgonen, får de nok det beste resultatet.
  3. Bruk ei artsliste og tel mengda individ av artar de kjenner. Bruk også kikkert, men pass heile tida på at de er stille og i ro.

Til ekskursjonsrapporten

  • Beskriv området generelt og tangen spesielt. Ta med bilete.
  • Ver nøye med å beskrive korleis tangen ser ut og luktar. Kom inn på næringskjeder og på nedbrytarar.
  • Hugs å ta med resultatet av temperaturmålingane. Kvifor blir det varmt nede i tangen?
  • Presenter dyr de fann i tangen. Prøv å setje opp eit enkelt næringsnett.
  • Presenter fugleartar de observerte og greidde å artsbestemme.
  • Lag ei liste med artar og mengder. Sjekk om Norsk Ornitologisk Forening har observasjonar frå området de vitja.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra