Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: beskriving av fjørelokaliteten

Når de dreg på ekskursjon, er det viktig å lage ei kort og nøyaktig beskriving av ekskursjonsområdet. Ei slik beskriving er nyttig når de skal forklare korleis organismane de fann, er tilpassa miljøet dei lever i.
Eksponert fjøre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Lag ei beskriving av miljøforholda og organismar i ekskursjonsområdet.

Førebuingar

Merk av området på eit kart, og finn ut kor stort det er. Bruk gjerne digitale kart (Kart i skolen). Dette er det ofte mogleg å gjere før klassen dreg på ekskursjon.

Utstyr

  • kart over ekskursjonsområdet
  • kamera
  • skriveunderlag
  • skrivesaker

Registreringar

Elevar gjer undersøkingar i fjøra. Foto.

Når de er framme på lokaliteten, er det lurt å først skrive nokre stikkord om korleis de opplever området:

  1. Korleis er vêrforholda?
  2. Er det mykje bølgjer?
  3. Kvar kjem vinden frå?
  4. Frå kva retning er området mest eksponert for bølgjer og vind?
  5. Korleis ser det ut der land og hav møtest?
  6. Er alle delar av lokaliteten like kraftig eksponerte for bølgjer?
  7. Kjenner de nokre spesielle lukter?
  8. Ser de nokre levande organismar ved første augekast?
  9. Har vatnet ein særeigen farge?
  10. Tidvassforskjellar i området: Er det flod eller fjøre no? Fell eller stig vasstanden?

Få med alt de synest er viktig. Seinare kan de reinskrive notata til ekskursjonsrapporten. Ta bilete av området. De kan òg lage nokre skisser viss de vil. Illustrasjonane blir fine å bruke i ekskursjonsrapporten seinare.

Belte av rur i fjøra. Foto.

Særpreg for området

Prøv deretter å beskrive kva som særpregar ekskursjonsområdet:

  1. Er delar av området meir skjerma enn andre, og kan dette ha betydning for kva som lever her?
  2. Sjå særleg etter iaugefallande organismar, slike som de straks legg merke til. Det kan vere belte av skjel og rur langs vasskanten eller flokkar med fugl i området.
  3. Ta òg med korleis området blir brukt i dag: Er det ei vernesone eller eit mykje brukt friluftsområde?

Til ekskursjonsrapporten

  • Lag ei så grundig beskriving av ekskursjonsområdet som mogleg. Kombiner kart, bilete og eigne notat.
  • Ei anna moglegheit er å lage eit interaktivt kart der ein kan klikke på kartpunkt i ekskursjonsområdet for å bli ført vidare til nærbilete og beskrivingar av ulike habitat.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra