Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: to spesielle dyr øvst i strandsona

I den eksponerte fjøra kan vi finne nokre ganske spesielle dyr som lever like over vasskanten, nemleg strandskrukketrollet og to artar av steinsprett.

Føremål

Undersøk strandskrukketroll og steinsprett og miljøa dei lever i.

Strandskrukketrollet – eit krepsdyr på land

Skrukketroll er krepsdyr og nære slektningar av dei vanlege tanglusene og tangloppene vi finn innimellom tang og tare i fjøra. Skrukketrolla lever derimot på land, noko som er sjeldan for krepsdyr, som for det meste lever i havet.

Strandskrukketrollet er større enn kjellarskrukketrollet og kan bli heile 30 mm langt. Det landlevande krepsdyret liker seg i mørke og fuktige omgivnader, og held til under steinar og i fuktige sprekkar øvst i strandsona og litt inn på land. Dersom strandskrukketrollet blir skremt og må beskytte seg, kan det flykte ned i vatnet.

Steinsprett – urinsekt som er vanskeleg å fange

Steinsprettane er «urinsekt» eller svært primitive insekt. Dei har ein avlang kropp med tre trådforma antenner på bakkroppen. Akkurat som strandskrukketrolla lever dei i vasskanten, der dei held til på skuggefulle stader. Dei er vanlege å sjå på svaberg og ikkje minst i gamle båtnaust. Lette å fange er dei ikkje, men kanskje de greier det?

Førebuing

Det er viktig at de førebur dykk ved å finne informasjon om skrukketroll og primitive insekt generelt og om strandskrukketroll og steinsprett spesielt før ekskursjonen startar. Finn opplysningar om utbreiinga og om systematikken til gruppa. Finn ut kva strandskrukketrolla og steinsprettane lever av, og korleis dei formeirar seg.

Utstyr

  • plastboksar eller flasker med lok
  • pinsett
  • skriveunderlag
  • kamera/mobil

Framgangsmåte

  1. For å finne strandskrukketrollet må de snu på steinar og vere lynande raske! Finn de den riktige staden, kan det under éin stein vere mange individ. Så fort dei kjem ut i lyset, vil dei flykte. Greier de å fange nokre for å studere dei?

  2. Dyra de samlar inn, kan de avlive svært humant ved å leggje dei på eit plastglas i fryseboksen over natta. Då sovnar dei roleg inn.
  3. Ta bilete av dyra, set dei på nål eller fikser dei på 75 prosent sprit, og studer dei eventuelt med ei stereolupe.

Dersom de ikkje skal bruke dyra i laboratoriet seinare, må de passe på å sleppe dei uskadde tilbake i miljøet der de fanga dei.

Tips!
Lag ein konkurranse der det er om å gjere å finne både strandskrukketroll og steinsprett så fort som mogleg.

Til ekskursjonsrapporten

  • Begynn med ei oppsummering av faktaopplysningane de fann fram til før ekskursjonen.
  • Beskriv mikromiljøet der de fann dyra i strandsonene.
  • Lag ei skildring av dyra. Legg vekt på å skildre korleis dyra er tilpassa miljøet dei lever i.
  • Kvifor gøymer dyra seg under steinar?
  • Beskriv forskjellar og likskapar mellom dei to dyra.