Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: fugleobservasjonar

Langs kysten vår finst det eit yrande fugleliv. Somme fuglar held til langs kysten heile året, mens andre er trekkfuglar. Under vårtrekket (mars–mai) og hausttrekket (september–oktober) kan artsrikdommen vere spesielt høg, og somme stader er godt eigna som observasjonspostar for fugl.
Havsuler i fuglefjell. Mange sjøfuglar har bygd reir på ei fjellside. Dei har smal, kvit kropp, svarte vengetuppar og gult hovud. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I denne oppgåva skal de observere og registrere fuglelivet på ekskursjonsområdet.

Blant brun tang og tare i fjøra er det sett opp eit kamuflasjefarga telt. Foto.

Førebuing

Det beste er om de kan lage ein observasjonspost på førehand eit stykke unna der resten av klassen held til, slik at fuglane ikkje blir skremte. Om de har kamuflasjetelt til rådigheit på skulen, er det lurt å setje dei opp nokre dagar i førevegen. Hugs å få løyve frå grunneigaren, og ver merksam på at det kan vere lokale reglar for kvar det er tillate å setje opp slikt utstyr. I vernesoner er det ofte forbode å setje opp telt.

Finn ut om det finst eigne tårn til fuglekikking i ekskursjonsområdet.

Øv på å kjenne att fuglar på songen. Med appen Whatbird.no kan de ta opp fuglesong og få forslag til kva for nokre fuglar de høyrer.

Ein tjeld går på tangvasar. Foto

Kva for fugleartar finst i området?

På førehand må de setje dykk inn i kva for nokre fugleartar som er vanlege langs kysten der de bur. Det kan løne seg å sjå om eit lokallag av Norsk Ornitologisk Forening (NOF) er aktivt i området. I så fall kan de få mykje nyttig informasjon der.

Lag ei lokal artsliste der de kan krysse av artar de observerer.

Observasjonstips

  1. Ærfugl på vatnet. Foto

    For å observere fugl må ein vere tolmodig, godt kamuflert og stille.

  2. Vel ein stad der de kan rigge dykk til med kamuflasjeutstyr eller gøyme dykk i terrenget og samtidig ha godt utsyn over ekskursjonsområdet.
  3. Bruk auga godt, og ta i bruk teleskop og kikkert.
  4. Prøve å artsbestemme fuglar på bakgrunn av fuglesong.
  5. Ligg stille, og registrer fuglelivet gjennom heile dagen.
  6. Kryss av på artslista. Noter kva slags artar som er mest talrike.
  7. Dersom de ser fuglar de ikkje kjenner, prøv å slå opp i fugleboka.

Til ekskursjonsrapporten

  • Lag ei skildring av ekskursjonsområdet.
  • Lag ei oversikt over artane de på førehand forventa å observere.
  • Presenter artslista og eventuelt mengdestatistikk.
  • Gi døme på korleis artar er tilpassa leveområdet sitt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra