Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: fjørepytten

I ei eksponert fjøre er vêrforholda ofte tøffe, med høge bølgjer som treffer land. Etter ein periode med uvêr samlar sjøvatn seg i små og store dammar langs fjøra. Desse kallar vi fjørepyttar.
Mellom steinar i vasskanten er det ein stor fjørepytt. Bakom steinane er det ope hav. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I denne oppgåva skal de undersøkje livet i ein fjørepytt. De skal òg registrere korleis miljøforholda i pytten varierer over tid.

Miljøforhold

Ein typisk fjørepytt overgrodd med grønalgar. Foto

Fjørepyttane blir berre fylte med vatn frå bølgjeslag ved uvêr eller når det regnar. Vatnet kan ikkje forsvinne frå pyttane på annan måte enn å fordampe. Mange gonger myldrar fjørepytten av liv, andre gonger er livet sparsamt.

Miljøforholda i fjørepytten er heilt annleis enn i havet utanfor. Utan påfyll av nytt vatn vil saltinnhaldet auke når det ferske vatnet fordampar. Ved regnvêr vil saltvatnet i fjørepyttane bli fortynna, og saltinnhaldet søkk. Om sommaren blir vatnet i pytten varma opp og held ofte ein langt høgare temperatur enn havet. Vassrørsla i pytten er liten, og vatnet er oftast nesten stilleståande samanlikna med havet utanfor.

Førebuing og framgangsmåte

Datalogging av miljøforhold i ein fjørepytt

  1. Før de begynner på denne oppgåva, må de bestemme dykk for over kor lang tid de vil registrere miljøvariasjonar. Eitt døgn er eit godt utgangspunkt, men dette betyr at logginga må setjast i gang dagen før klassen skal på ekskursjon. De kan òg registrere variasjonar over nokre timar.
  2. Det er aktuelt å registrere variasjonar i temperatur, pH, oksygenmengd og saltinnhald – alt avhengig av kva dataloggingsutstyr skulen har. Det er viktig at de testar utstyret på førehand og gjer dykk kjende med innstillingane på dataloggaren og korleis de bruker han. Pass på at elektrodane er riktig kalibrerte. Viss de har tid, kan de logge forholda i to fjørepyttar som ligg i forskjellig avstand frå havet.
  3. Før de startar registreringa, lagar de hypotesar om korleis de trur variasjonane i dei parametrane de testar, vil vere i løpet av testperioden. Skriv ned hypotesane før logginga startar.
  4. Når logginga er ferdig, lastar de ned dataa til ein datamaskin og behandlar vidare derifrå.

Til ekskursjonsrapporten

  • Fortel kva parametrar de valde å overvake i fjørepytten, og grunngi kvifor de valde dei.
  • Lag grafar med tilhøyrande verditabellar for dataa de har registrert.
  • Studer variasjonane, og kommenter dei.

    • Stemte hypotesane dykkar?
    • Var variasjonane slik de forventa?
    • Kva kan vere årsaka til variasjonane?
    • Kva har dei å seie for livet i fjørepytten?
    • Er det nokon samanheng mellom målingane dykkar og mangfaldet (eller mangelen på mangfald) av liv i fjørepytten?
  • Presenter resultata og vurderingane dykkar for klassen.

Skildring av fjørepytten og undersøking av livet her

  1. Elevar gjer undersøkingar i fjøra. Foto

    Beskriv

    • kor stor fjørepytten er
    • kor mykje vatn han inneheld
    • korleis pytten ser ut
  2. Beskriv forma og plasseringa av pytten.
  3. Anslå eller mål kor djup pytten er.
  4. Kan de observere noko som kan indikere kor lenge vatnet har stått i pytten?
  5. Fyll ein målesylinder eller eit begerglas med vatn, og beskriv korleis det ser ut i fargen, og korleis det luktar. Set sylinderen på eit kvitt underlag for å sjå vassfargen tydeleg.
  6. Beskriv kva for algar og dyr de kan sjå med det blotte auget. Ta bilete.
  7. Mål eller berekn kor langt frå og høgt over havet pytten ligg. Lag ei skisse. Hugs å notere alle observasjonar.
  8. Nærbilete av to delvis gjennomsiktige tangloppar på mørk bakgrunn. Foto

    Hald fram med å bruke ein finmaska håv, og fang smådyr i pytten.

  9. Legg dyra i ein plastbakke med vatn frå pytten.
  10. Registrer og noter kor mange ulike artar de fann, og plasser dei i systematiske grupper.
  11. Prøv å artsbestemme nokre av organismane (de vil sannsynlegvis finne flest krepsdyr, som reker og små amfipodar). Ta bilete. Dyr som er så små at dei er vanskelige å bestemme i felten, kan de samle på glas og studere i stereolupe eller mikroskop på skulen.

Til ekskursjonsrapporten

  • Lag ei skisse, og set ho saman med bilete som viser korleis fjørepytten ser ut, og kvar han ligg i forhold til havet.
  • Sei noko om kor høge bølgjer det må vere for at vatnet i pytten skal fyllast på eller skiftast ut. Kor ofte trur de dette skjer? Vil pytten ofte tørke heilt ut?
  • Reinskriv observasjonane dykkar, og set dei inn i rapporten.
  • Lag ei liste over dyr og algar i fjørepytten, og plasser organismane i systematiske grupper.
  • Forsøk å setje opp eit næringsnett for pytten – kven et kven i dette vesle og sterkt avgrensa økosystemet?
  • Korleis må organismane som lever her, vere tilpassa for å overleve i dei varierande miljøforholda?
  • Samanlikn observasjonane dykkar med resultata frå datalogginga ovanfor.
CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra