Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: Kva lever der hav møter land?

Området der hav og land møtest, kan vere eksponert for kraftige bølgjer. Organismar som held til her, er ofte tilpassa tøffe miljøforhold. I denne oppgåva skal de studere nettopp dette.

Føremål

I denne oppgåva skal de kartleggje tidvassona i ekskursjonsområdet.

Tidvassona – der hav og land møtest

Tidvassona har ofte ein rik og særeigen flora og fauna. Korleis dette området ser ut, og kva som lever her, vil likevel variere avhengig av kvar vi er i landet. Det kjem ikkje minst av at ulike delar av kysten vår har ulike tidvassforskjellar.

Det er lettast å gjere denne oppgåva i område med små eller middels store tidvassforskjellar. Det er ein fordel om de på førehand veit kor stor forskjell det er mellom høgvatn og lågvatn i det aktuelle området.

Dyr og plantar som lever på grensa mellom hav og land, må tole skiftande temperaturforhold, svingingar i saltinnhald, uttørking, flaum og kraftige bølgjeslag.

Storm skaper bølgjer som kan flytte store steinar, men olbogesnigel, rur, tang og tare klarer likevel å klore seg fast. Ved lågvatn blir olbogesniglane og rurane tørrlagde, og ved havvatn blir dei overfløymde. Korleis klarer dei å overleve under slike skiftande forhold?

Førebuingar

Begynn med å velje eit område som er såpass avgrensa at de kan få oversikt over området i løpet av ekskursjonsdagen. Viss de vel eit for stort område, blir det fort uoversiktleg. Ta bilete av området, lag skisser, og ta notat. Merk av området på eit kart.

På førehand må de studere litteraturen og internett-sider for å finne fram til vanlege tidvassorganismar i det aktuelle området. Jo meir forarbeid de gjer, desto artigare blir feltoppgåva. Felthandboka Dyreliv i havet er ein utmerkt ressurs til forarbeid og til bruk på sjølve ekskursjonen. Finn fram til ulike tilpassingar vi ser hos ulike organismar som lever der hav og land møtest.

Registreringar

  1. Registrer kva plantar og algar som veks i området. Lag ei artsliste.
  2. Registrer kva virvellause dyr som finst her. Lag ei artsliste. Observer

    • korleis dei veks
    • om dei kan bevege seg
    • om dei lever under steinar eller i fullt sollys
    • kva artar som er mest talrike
  3. Prøv å finne ut korleis nokre av dyra er tilpassa eit liv i tidvassona:

    • Har dei skal?
    • Kan dei lukke vatn inn i kroppen?
    • Korleis kan dei beskytte seg?
  4. Ta bilete.

Til ekskursjonsrapporten

  • Lag ein presentasjon av denne sona som de skal halde for resten av klassen. Ta med bilete og kart.
  • Legg vekt på å fortelje korleis tidvassona ser ut i ekskursjonsområdet, kva vi generelt sett meiner med "tidvassone", og kva artar de har funne her.
  • Plasser artane i systematiske grupper, og legg stor vekt på å fortelje korleis nokre av artane er tilpassa eit liv på grensa mellom land og hav.