Hopp til innhald

Fagstoff

Metodar for å fange smådyr

Det er eit yrande liv av ulike smådyr både på bakken, i buskar og tre og flygande i lufta. Det er ikkje alltid like lett å sjå dei, men det finst ei rekkje metodar vi kan bruke til å finne, fange og observere smådyr.
Mann som samlar inn insekt i eit tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr til fangsten

Oppslagsverk, pinsett, kniv, glas og lupe. Foto.

Når vi skal ut og sjå på smådyr, er det mykje ulikt utstyr som kan vere greitt å ha med for at jobben skal bli lettare. Døme på dette er pinsettar, luper, boksar og glas til oppbevaring (dramsglas), knivar og bestemmingslitteratur. Nedanfor beskriv vi ulike metodar for innsamling.

Insektsugar (aspirator)

Jente bruker insektsugar laga av syltetøyglas og plastslangar. Foto.

Ein insektsugar kan vere praktisk for å samle inn små insekt som kan vere vanskelege å ta opp med fingrane eller med pinsett. Vi kan lage ein enkel insektsugar ved hjelp av eit glas med lokk: Bor to hol i lokket, og før to gummi-, plast- eller silikonslangar gjennom hola. I enden av den slangen vi syg i, kan det vere lurt å feste eit gasbind, slik at dyra ikkje blir med inn i munnen.

Banking på greiner og stammar

Mange smådyr lever i buskar og tre. Viss du legg ein kvit duk under ein busk eller eit tre, og deretter bankar, slår og ristar på greiner og stamme, vil dyra falle ned og bli lett synlege på det kvite underlaget. Deretter kan du plukke dei opp med pinsett eller insektsugar og eventuelt plassere dei i glas.

Mann med insektsugar høgt oppe i eit tre. Foto.

Under bork og stein

Løft på steinar, greiner og stammar som ligg på bakken. Det er mange dyr som lever og finn skjul under desse. På døde tre og stubbar kan vi finne smådyr ved å ta av bork og eventuelt skjere litt inn i sjølve veden. Blant smådyra det er vanleg å finne på slike stader, er biller, billelarvar, skolopendrar og skrukketroll.

Sålding

Sikt og håv over kvarandre. Illustrasjon.

Sålding er ein metode vi kan bruke til å samle inn dyr som er lite aktive, og som er i strøfall, mose, gammalt lauv og liknande. Såldet er utforma som ein sylindrisk pose med ei nettrist omtrent midt i posen. På utsida av posen er det to handtak: eitt som er festa til nettingrista, og eitt i øvre kant av posen. Vi legg det innsamla materialet på rista, og ved hjelp av handtaka kan vi riste materialet, slik at smådyr fell gjennom og ned i såldposen. Dette innhaldet kan vi tømme på ein kvit duk, slik at det blir lettare å sjå kva som er der.

Utdriving med førnetrakt

Teikning av trakt med førne over eit glas med sprit. Ei lampe lyser over førneprøva. Illustrasjon.

Ein annan vanleg metode for å drive ut inaktive dyr som er i strøfall og jord, er utdriving ved hjelp av lys. Då legg vi materialet på ei rist i ei trakt som fører ned i eit glas med konserveringvæske. Over materialet plasserer vi ei lampe, og når denne lyser, vil dyra etter kvart trekkje nedover og vekk frå lyset, inntil dei fell gjennom nettingen og ned i glaset med konserveringvæske. Denne forma for utdriving blir ofte kombinert med sålding ved at ein legg materialet frå såldposen i trakta og deretter slår på lampa.

Håvar

Håvar er gode å ha når vi skal ut og samle mindre dyr – både dei som flyg, og dei som er i vegetasjonen. Det er to typar håvar som er vanlege å bruke. Desse to typane har ulik utforming og blir brukte på ulike måtar. Men dersom vi berre skal ha med éin håvtype, er det mest føremålstenleg å velje ein slaghåv.

Sommarfuglhåv

Sommarfuglhåv blir halden over gras. Foto.

Desse håvane blir brukte til å fange flygande insekt som sommarfuglar, augestikkarar og årevingar. Håvane er lette og kan bevegast hurtig gjennom lufta. Det som oftast fungerer best, er å føre håven mot insektet frå undersida og helst bakfrå. Når insektet er fanga i nettet, vrir vi håven, slik at insektet ikkje kan flyge ut. Deretter fangar vi det i eit glas som vi fører ned i nettet. Viss vi skal fange nattaktive flygande insekt, er det viktig å bruke lys i kombinasjon med håv, sidan dei søkjer mot lyset.

Slaghåv blir halden over blomstereng. Foto.

Slaghåv

Slaghåven skil seg frå sommarfuglhåven ved at han er mykje kraftigare og meir solid. Dette er viktig, sidan han blir brukt til å slå fort og kraftig fram og tilbake ned i vegetasjonen for å fange smådyr som insekt og edderkoppdyr. Etter nokre "drag" med håven sjekkar vi han han for innhald. Vi plukkar opp dei fanga dyra med pinsett eller insektsugar og puttar dei på glas som vi merker.

Feller

Feller eignar seg godt til å fange aktive insekt. Det finst mange typar feller. Nokre blir brukte til å fange aktive smådyr på bakken, og andre til å fange smådyr som flyg i lufta.

Fallfelle (barberfelle)

Tverrsnitt av jordsmonn med nedgraven sylinder med opning i flukt med overflata. Insekt fell ned i sylinderen. Illustrasjon.

Fallfeller bruker vi til å fange aktive smådyr som biller, kortvingar og edderkoppdyr på bakken. Vi lagar fellene ved å grave ned små beger (syltetøyglas, rømmeboksar osv.) på ein slik måte at den øvre kanten av begeret er i same høgd som jordoverflata. Fella kan vi fylle med eit konserveringsmiddel (vatn og glykol). Men dersom vi tømmer fella ofte, er det tilstrekkeleg å ha litt vatn tilsett såpe i botnen av begeret. Det kan vere lurt å lage eit tak 10–20 cm over fella for å verne ho mot nedbør.

Vindaugsflate med takrenner nedst på kvar side. Illustrasjon.

Vindaugsfelle

Ei vindaugsfelle består av ei gjennomsiktig flate som blir sett opp som ei hindring. Når insekta flyg mot hindringa, vil dei ikkje oppdage ho før det er for seint, slik at dei ramlar ned i ein oppsamlingsbehaldar. Den enklaste forma for vindaugsfelle kan byggjast ved at vi har ei gjennomsiktig flate med ei takrenne på kvar side. I takrenna kan vi fylle ei konserveringvæske. I ei litt meir avansert felle kan vi bruke to plater pleksiglas som vi set i kors ned i ei trakt med ein oppsamlingsboks under. I boksen kan vi ha konserveringsmiddel dersom fella skal stå ute over lengre tid. Viss ho blir sjekka ofte, er det tilstrekkeleg med vatn tilsett litt såpe.

Fargefelle

Mange insekt blir tiltrekte av fargar, spesielt gul og blå. Ved å setje ut tallerkenar (djupe) eller baljer med vatn tilsett litt såpe i desse fargane kan vi fange smådyr. Det er gunstig å plassere dei i eit ope område, til dømes på ei eng.

Malaisefelle

Nettingforma telt festa med bardunar til bakken i naturområde. Foto.

Ei malaisefelle er ei teltliknande felle som blir brukt til å fange flygande insekt. Teltet har berre veggar i endane, og det er ein skiljevegg midt i teltet. Fella er vidare konstruert slik at det høgaste punktet endar opp i eit røyr som fører til ein oppsamlingsbehaldar med eit konserveringsmiddel. Når eit insekt flyg inn i teltet, vil det møtet skiljeveggen, og sidan dei fleste dyr søkjer oppover når dei møter ei hindring, vil dei ende opp i behaldaren i toppen.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Baglo.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2021

Læringsressursar

Om feltarbeid