Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegging av feltarbeid

Under feltarbeidet skal elevane bruke biologiske arbeidsmetodar og tileigne seg kunnskap gjennom praktisk arbeid. Fagleg utbytte føreset grundig førearbeid, slik at alle er førebudde på oppgåvene sine og har oversikt over målsetjing og ansvarsområde.
Teikning som førestiller biologilærar med mange tankebobler om feltarbeid. I tankeboblene står det mellom anna «fjell?», «skog?», «haust?» og «vår?». Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidfesting

Dagane som skal brukast til feltarbeid, må som regel tidfestast og plasserast i skuleruta i god tid før ekskursjonen viss ein skal vere sikker på å få ønskt tidspunkt.

Haust eller vår?

Personar med turutstyr sit inne i eit telt. Foto.

I store delar av landet hastar det med å kome ut på feltarbeid om hausten – før plantar visnar, trekkfuglar dreg, og insekt finn overvintringsformer. Det kan vere vanskeleg å få nok tid til førearbeid når ein skal ut tidleg i skuleåret. Samtidig gjer tidleg feltarbeid at elevane blir fort kjende og får felles opplevingar, noko som er positivt for klassemiljøet.

I dei delane av landet der våren kjem tidleg, kan òg mai vere ei fin tid for feltarbeid. Men dette kan vere vanskeleg viss elevar frå Vg2 og Vg3 går i same biologiklasse.

Ein fordel ved å leggje feltarbeidet til våren er at ein får god tid til førebuingar, og dermed kan jobbe meir effektivt og målretta når ein er ute. Ulempa med ein vårekskursjon er at ein ikkje får nytte av erfaringar og innsamla materiale gjennom skuleåret.

Tal dagar?

Læreplanen seier ikkje noko bestemt om kor mykje tid ein skal bruke på feltarbeidet, men kompetansemåla som er knytte til feltarbeid i biologi 1, er så omfattande at det er vanskeleg å nå dei på mindre enn to heile dagar. Mens nokon reiser på fleire dagsturar til ulike biotopar, vel andre å overnatte og bruke fleire dagar i same område. For skular som ligg nær eit eigna naturområde, kan feltarbeidet gå føre seg i fleire kortare økter over lengre tid, og kanskje gjennom fleire årstider.

Ekskursjonsområde – val av naturtype

To elevar sit i båt og held opp eit fiskegarn med fisk. Foto.

Valet av ekskursjonsområde er i stor grad avgrensa av tilgjengelegheit, årstid og økonomi. Som tidlegare nemnt hastar det med å kome ut om hausten mens det enno er mykje liv. Men viss ein vel ekskursjonsområde som ligg nær skulen, kan ein sjølvsagt fordele feltarbeidet over lengre tid. Då får ein tid til føre- og etterarbeid mellom kvar økt.

Vinterekskursjonar kan gjennomførast i ein lengre periode, men nysnø er ein fordel når ein skal sjå etter spor og sporteikn. Artsbestemming av buskar og tre er ein fin aktivitet om vinteren. Då må vi bruke andre kjenneteikn enn dei vanlege knytte til blad, blomstrar og frukt.

Buskar og tre om vinteren

Førestudium av ekskursjonsområdet på digitale kart kan gi mykje nyttig informasjon om mellom anna bonitet, høgd over havet, berggrunn og helling. Dette er viktige opplysningar med tanke på artskunnskap og tilpassingar.

Undersøkingar

Regnvått lemen med blad i munnen. Foto.

Når fysiske målingar, registreringar og kartleggingar skal gjennomførast, er det viktig at ein kjenner dei naudsynte prosedyrane og kan bruke utstyr, oppslagsverk og bestemmingsnøklar riktig. Naudsynt opplæring bør vere gjennomført på førehand.

Enkelte feltundersøkingar krev at du har søkt om løyve i god tid før feltarbeidet, og at det blir innvilga. Dette gjeld til dømes fangst av smågnagarar og prøvefiske.

Rapportar og objektsamling

To jenter tek notat under feltarbeidet. Foto.

Omfanget av, forma på og innhaldet i rapporten må avtalast før feltarbeidet startar. Det same gjeld vurderingskriterium. Dette er viktig for at alle skal vite kva dei har ansvaret for, og forstå kor viktig det er å ha nøyaktige notat og dokumentasjon (bilete, kart) frå feltarbeidet.

  • Felles rapport: Kvar gruppe har eigne ansvarsområde og leverer sine bidrag til det som skal bli ein fullstendig rapport.
  • Grupperapport: Kvar gruppe leverer ein fullstendig rapport.
  • Individuell rapport: Kvar elev leverer ein fullstendig rapport.

Objektsamling er ikkje lenger eit krav i læreplanen, men alle må tileigne seg kunnskap om artar frå ulike habitat og kunne klassifisering. Å jobbe med objektsamling i samband med ekskursjonen kan derfor vere ein nyttig arbeidsmetode for å nå desse kompetansemåla.

Relatert innhald

Kva er ei objektsamling i biologi? Her får de tips til korleis de kan lage ei objektsamling.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2021

Læringsressursar

Om feltarbeid