Hopp til innhald

Fagstoff

Feltrapporten

Når de har vore ute i felt, er det viktig å kunne formidle kva de gjorde i løpet av feltarbeidet, dokumentere resultat og trekkje konklusjonar.
To jenter studerer raklane på ein busk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor lage feltrapport?

To jenter skriv notat og gjer målingar under feltarbeidet. Foto.

Dokumentasjon og publisering er ein viktig og naudsynt del av alt biologisk arbeid. Arbeidet med feltrapporten gir dykk trening i å formulere dykk fagleg korrekt. De skal dokumentere observasjonane dykkar, slik at andre kan byggje vidare på og etterprøve det de har funne ut.

Gjennom denne prosessen kan de nå fleire av kompetansemåla i biologi. Til eksamen må de sannsynlegvis gjere greie for innsamlingsmetodar og drøftingar av feltresultat frå det miljøet som klassen har jobba i. Då blir feltrapporten nyttig.

Før feltarbeidet

Under feltarbeidet arbeider de som regel i små grupper som har bestemte oppgåver. Då er det viktig å kjenne godt til kva oppgåvene inneber, slik at gruppa på førehand kan planleggje kva som må gjerast i felten.

Det kan vere lurt å gi ein av gruppemedlemmene hovudansvaret for å ta notat og ein annan medlem hovudansvaret for å ta bilete. Notatark, naudsynte skjema, oppslagsverk, skriveunderlag, blyantar, måleutstyr, luper, boksar og posar til å samle prøver i og utstyr som vernar mot regn, må vere klargjorde før feltarbeidet startar. Lag ei utstyrsliste på førehand som de kan sjekke mot før gruppa dreg av garde.

Arbeid i felten

To personar måler lakseyngel ved ei elv. Foto.

Under feltarbeidet er det svært viktig å ta gode notat. Det er lett å tenkje at «dette hugsar vi», men slik er det ikkje. Viktige detaljar går fort i gløymeboka. Feltnotata er heilt vesentlege for ein god feltrapport. Det er òg viktig at de tek notat om innhaldet i oppgåvene. Notata kan til dømes dreie seg om generelle observasjonar, artsregistreringar eller konkrete måleresultat. Bruk alltid blyant i felten, ha eit godt skriveunderlag, og ver førebudd på regn.

Ta mange bilete!

Bilete er svært nyttige i rapportsamanheng. Det kan vere lurt å ta mange bilete, slik at de seinare kan plukke ut dei beste. Bilete vil berre fungere godt dersom dei har direkte tilknyting til feltoppgåvene, og når dei har ein eigen forklarande bilettekst.

Etterarbeid

To elevar sit saman og jobbar med papir og PC. Foto.

Like etter at feltarbeidet er gjennomført, er det lurt å setje seg saman i gruppa, gå gjennom notata, reinskrive og eventuelt leggje til moment de har gløymt. Ta godt vare på originalnotata! Fordel arbeidet i gruppa, men hugs at alle må kjenne til innhaldet i heile rapporten.

Den ferdige rapporten

  • Den ferdige feltrapporten kan vere lang eller kort. Det avheng av kva feltarbeidet går ut på, og av kor omfattande dei enkelte feltoppgåvene er. Forma på rapporten blir avtalt i klassen. Dokumentasjonsverktøy for biologi kan vere til god hjelp når de skal skrive ein ryddig rapport.
  • Nokre gonger vil feltrapporten, eller delar av han, følgje malen for ein vitskapleg arbeidsmetode med mellom anna metodar, resultat og drøftingar. Andre gonger vil feltrapporten vere meir beskrivande og/eller innehalde svar på opne eller konkrete oppgåver.
  • Rapporten skal vere oversiktleg og ryddig. Lag framside og innhaldsliste. Bruk eit språk som viser at de meistrar relevante biologiske uttrykk. Bilete og figurar må ha passande undertekstar og referansar til fotograf/teiknar. Hugs at desse er verna av opphavsrett, og at de ikkje kan bruke dei fritt dersom dei ikkje er frigitte til bruk.
  • Bruk alltid kjeldetilvisingar når de refererer til andre fagtekstar. Måleresultat og systematiske observasjonar kan med fordel presenterast i tabellar. Tabellar og grafar bør ha tittel/undertekst og nummererast slik at de kan vise til dei i teksten.

Publisering

Vitskaplege publikasjonar eller rapportar frå vitskapleg feltarbeid blir som regel publiserte i vitskaplege tidsskrift. Ein feltrapport frå vidaregåande skule blir vanlegvis ikkje distribuert, med mindre klassen har teke på seg eit oppdrag for eit fjellstyre, ein grunneigar eller liknande.

Grupper med ulike ansvarsområde kan leggje fram kvar sin del av rapporten for klassen, og rapporten/rapportane kan i sin heilskap leggjast på nettsida til skulen. Slik deling av ressursar fører ofte til mykje positiv respons og interessante faglege kommentarar.

At ein på førehand veit at rapporten skal publiserast eller brukast av ein oppdragsgivar, er motiverande også undervegs i arbeidet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022

Læringsressursar

Om feltarbeid