Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arealendringar på heimstaden din

Arealendringar er ein av dei store truslane mot det biologiske mangfaldet. Bit for bit blir naturen bygd ned, og leveområde til plantar og dyr forsvinn eller blir stykkja opp. Undersøk korleis utviklinga har vore på heimstaden din.

Finn arealendringar med flyfoto

I denne oppgåva skal du bruke flyfoto for å studere døme på arealendringar der du bur, eller andre stader i Noreg. På Norge i bilder finn du både historiske og nye flyfoto, slik at du kan sjå korleis utviklinga har vore over tid på dei stadene du sjølv vel.

Undersøk arealendringar på heimstaden din

Korleis har tettstaden der du bur, utvikla seg?

  1. Finn flyfoto frå så langt tilbake i tid som mogleg.
  2. Bruk teikneverktøyet, og lag eit omriss rundt ytterkantane av busetnaden i sentrum. Les av arealet. Gjer tilsvarande på det nyaste flyfotoet du finn.
  3. Kor mykje har sentrum vakse?
  4. Kva slags typar område har blitt nedbygde? Berekn areal, og lag ei oversikt over kor store delar dei ulike typane utgjer.
  5. Kva har områda blitt brukte til?
  6. Tenk deg at sentrum kjem til å vekse meir i åra framover. Kva type areal ligg inntil sentrum i dag?

Arealendringar

  1. Kva meiner vi med arealendringar? Gi døme.
  2. Kvifor er arealendringar ein trussel mot det biologiske mangfaldet? Gi døme. Finst det døme på arealendringar som er positive eller ikkje har nokon negativ innverknad på det biologiske mangfaldet?
  3. Finn ut korleis bruken av område til ulike føremål har endra seg i Noreg frå 1900-talet og fram til i dag.
  4. Kva interessekonfliktar kan oppstå i område der vi ønskjer å byggje hus og vegar eller anleggje industriområde?
  5. Kva kjenneteiknar område som er spesielt utsette for arealendringar?
  6. Les artikkelen Kan bli enklere å bygge i vernet natur frå nrk.no.

    Kva inneber økologisk kompensasjon? Kva er fordelane og ulempene ved dette, ifølgje dei som uttaler seg i denne saka?

Jobb vidare

Utforsk flyfotoa, og studer område der det har vore gjort naturinngrep. Det kan til dømes vere utbygging av hyttefelt, etablering av vindkraftpark eller nedbygging av matjord.

Forsøk å få eit inntrykk av omfanget ved å samanlikne før- og etter-bilete.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021

Læringsressursar

Biologisk mangfald