Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor skal vi ta vare på biomangfald?

Eit biologisk mangfald er naudsynt for at økosystema skal fungere. Ein tilsynelatande uviktig art kan ha ei avgjerande rolle i eit økosystem. Vi veit altfor lite om funksjonen til artane i økosystema. Derfor er det viktig å ta vare på alle artar.
Mange ulike plantar med fargerike blomstrar på bergknaus ved kysten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Økologiske argument

Alle organismar inngår i eit komplisert samspel i naturen. Vi veit for lite om dette samspelet, sidan det enno er mange artar som ikkje er godt nok undersøkte.

Artsmangfaldet trengst for å halde oppe næringskjeder og næringsnett

Mylderet av insekt utgjer næringsgrunnlaget for ein stor del av fuglelivet, mellom anna meiser, songarar og svaler.

Meitemark og sniglar er mat for trostar, piggsvin og grevlingar. Aure og laks lever av vassinsekt eller av insekt på og ved vassflata. Mus held liv i revar, ugler og rovfuglar.

Næringskjede beståande av dyr, insekt og plantar med piler mellom. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Artane er avhengige av kvarandre (samliv og symbiose)

Naturen har mange døme på samliv (symbiose) der begge partar er avhengige av kvarandre. Blant blomstrar og insekt er det mange døme på gjensidig avhengigheit. Blomstrane får overført pollen, mens insekta får nektar.

Mange plantar er heilt avhengige av eit samliv med soppartar i jorda. Dette blir kalla sopprot eller mykorrhiza og gir utveksling av naudsynte næringsstoff. Mange av dei vanlege matsoppane, som kantarell og steinsopp, lever i symbiose med tre.

Hjort ligg på bakken med ei kråke på hovudet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Nøkkelartar har betydning for mange andre artar

Nokre artar blir kalla nøkkelartar fordi dei gir livsgrunnlag for mange andre artar. Eit døme er osp, som er det viktigaste treslaget når spettane skal hakke ut reirhol. Gamle spettehol blir deretter nytta av andre fugleartar, mellom anna meiser, flugesnapparar, ugler, duer og ender. Eit anna døme er sild, som gir grunnlag for mykje anna liv langs kysten, mellom anna i fuglefjella. Fleire fugleartar har gått sterkt tilbake, mellom anna fordi det tidlegare har blitt drive overfiske på sildestammen. I Sørishavet er krilen mat for både fisk, pingvinar og kvalar.

Lundefugl i flukt med fisk i nebbet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Jordsmonndanning og nedbrytingsprosessar i naturen

Eitt gram jord kan innehalde fleire hundre millionar bakteriar og opptil ti kilometer med levande sopphyfar. Eit trillebårlass med kompost kan innehalde eit enormt mangfald av ulike organismar, som meitemark, midd, spretthalar, rundormar, hjuldyr, sopp og bakteriar. Sidan artane har ulike funksjonar, ulike enzym og ulik evne til å omsetje ulike stoff, er dei til saman i stand til å bryte ned alle delar av døde dyr og plantar. Dette er naudsynt for at næringsstoffa skal bli tilgjengelege på nytt i stoffkrinsløpet.

Grøne, slangeforma bakteriar oppå brun/raudleg struktur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Rovdyr og parasittar regulerer bestandane av mange artar

Hos hjortevilt kan fråvære av store rovdyr gi så høg bestand at han "kollapsar" på grunn av matmangel eller sjukdom. I insekta si verd er det vist at snylteveps og rovinsekt regulerer bestandar av planteetande insekt. Utan reguleringsmekanismar ville mange artar med eit enormt formeiringspotensial ha vakse ukontrollert.

Ulveflokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Eit mangfald av artar er ein viktig reserve viss miljøforholda forandrar seg, til dømes ved klimaendringar

Dersom klimaendringane gir høgare temperaturar, kan granskogen forsvinne frå lågareliggjande strøk i Sør-Noreg. I staden vil vi få edellauvskog, det vil seie varmekjære treslag som eik, alm, lønn, lind og bøk.

Dyre- og plantelivet i dei framtidige skogane våre vil hovudsakleg kome frå dei små lommene av allereie eksisterande edellauvskog. Relativt raskt vil artar som er sjeldne i dag, overta og bli våre kvardagsartar. Den reparerande evna naturen har, ligg i stor grad i artsmangfaldet.

Bøkeskog. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Gut står i skog med pinnar i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etiske argument

Alle artar har ein verdi, anten dei er nyttige for oss eller ikkje. Å utrydde artar strir òg mot prinsippa for berekraftig utvikling, fordi vi øydelegg for moglegheitene til framtidige generasjonar.

Urørt natur har ein eigenverdi

Stilt overfor ein urskog eller tett innpå ein vill, urørt foss kjenner mange ein slags respekt for stordommen til naturen.

Dette er naturdokument – resultat av naturen sine eigne prosessar over lang tid, heilt utan styring frå mennesket si side. Desse kvalitetane kan bli borte for alltid viss vi gjer store inngrep.

Urskog med mose. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Alle artar har eigenverdi

Å tilleggje ein art eigenverdi vil seie å respektere retten arten har til å eksistere og til å utfolde livspotensialet sitt, anten arten er nyttig for oss eller ikkje.

Mange reagerer instinktivt mot til dømes å fylle igjen dei siste dammane der trua salamandrar og augestikkarar lever.

Hand held gulaktig salamander. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Mange artar har lang "hevd" på å bu på kloden

Mange organismar har lang "hevd" på å bu på kloden. Krokodillar, skjelpadder, augestikkarar og kakerlakkar var utvikla allereie for fleire hundre millionar år sidan.

Også naturen si blomsterprakt var på plass lenge før våre apeliknande forfedrar tok sine første forsiktige steg på to bein.

Menneskeslekta har berre eksistert i om lag to millionar år, og arten menneske berre ein tiandedel av det igjen.

Krokodillar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Omsyn til framtidig evolusjon

Mange føler at det er etisk feil å "klippe av" evolusjonære linjer som kan bli råstoff for vidare evolusjon. Havskjelpaddene kan representere ei slik linje.

Jo større spekter av naturen sitt mangfald som får vere med inn i framtida, desto meir materiale har evolusjonen å arbeide vidare med.

Trediagram bygd opp av ellipsar med bilete av ulike organismar. Diagrammet er delt i to farga felt: Det grøne inneheld prokaryotar (bakteriar og erkebakteriar), og det blå inneheld eukaryotar (planteriket, dyreriket, soppriket, urdyrriket, slimriket, det gule riket). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Omsyn til framtidige generasjonar

Dei fleste kjenner eit moralsk ansvar for dei som kjem etter oss. Eit mangfald av naturtypar og artar er ei god gåve å gi vidare.

Biomangfald betyr sikkerheit, valmoglegheit, livskvalitet og sjanse til å oppleve autentisk natur. Framtidige generasjonar bør få dei same moglegheitene som oss.

Ny teknologi kan i framtida gi uante moglegheiter til å utnytte naturen utan å gjere skade.

Gut står i skog med pinnar i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Koplinga mellom religionar og naturvern

Mange av religionane og urbefolkningane i verda (inkludert samane) har eit nært forhold til naturen. Dette er forhold som ikkje bør ignorerast.

Kristendommen er til dømes oppteken av "skaparverket" som noko det er etisk riktig å verne om. Religion kan vere ein universell døropnar til naturvernarbeidet.

Uluru-fjellet i Australia ved solnedgang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Rullesteinstrand i solnedgang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Estetiske kvalitetar

Livskvalitet og trivsel handlar om meir enn materiell velferd. Befolkninga treng òg "grøn velferd". Naturopplevingar betyr mykje for oss. Når vi treng avkopling, søkjer vi stille, skjønnheit og positive opplevingar. Den estetiske skjønnheita ein opplever ved å sjå fargespel, former og samspel i urørt natur, gir tilfredsstilling, inspirasjon og glede for mange.

Helsefremjande natur

Intakt natur har viktige helsemessige og psykologiske effektar. Mangel på mosjon gir alvorleg helserisiko, og mange blir meir motiverte av å trene i naturen. Natur verkar òg avstressande og gir oss rekreasjon og store opplevingar.

Ei jente sit på ei høgd med nydeleg utsikt og held i ein kikkert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Naturen som kjelde til rekreasjon og glede

Naturen er ein arena for livskvalitet og avkopling som ikkje kostar noko. Å øydeleggje han kan medføre store kostnader til reparasjon eller erstatningstiltak.

Bevaring av natur er ofte noko av det rimelegaste ein kan gjere for å glede folk i nærmiljøet. Vissa om tilgang til urørt natur er ei kjelde til glede og fasinasjon for mange.

To ungdommar med ryggsekk på tur i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Biofili – ei grunnleggjande interesse for natur og andre livsformer

Intakt natur har ofte ei intuitiv betydning for menneske. Vi har ei naturleg, grunnleggjande og medfødd interesse for artar og naturen, som er menneska sin "eigentlege heim".

Gut med blondt hår har hovudlykt på hovudet og forstørringsglas i handa. Han studerer blada på eit eiketre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Gut syg i slange kopla til behaldar som samlar opp insekt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Økonomiske argument

Maten vi et, bygningsmateriala vi bruker, og kleda vi har på oss, stammar frå ressursar som vi haustar av i naturen. I tillegg nyt vi godt av naturen sine "varer og tenester", såkalla økosystemtenester, i form av reinsing av vatn og luft, klimaregulering og produksjon av oksygen.

Treng vi så mange ulike artar? Reint økonomisk er det mange fleire artar som har verdi, enn dei vi veit om og tenkjer på til dagleg. Mange kan etter kvart utnyttast økonomisk gjennom genteknologi. Stadig ny kunnskap og ein raskt veksande industri har gitt oss verktøy som gjer at vi kan utnytte økonomisk verdifulle eigenskapar ved gena til artane. Biokjemiske prosessar blir til dømes brukte til produksjon av medisinar og reinsing av avfall.

Leiting etter gen og stoff blir kalla bioprospektering, og mange selskap køyrer eit kappløp for å ta patent på det dei finn – også i Noreg. På 1960-talet blei det funne ein sopp (Cyclosporin) på Hardangervidda som inneheld viktige stoff som blir brukte ved organtransplantasjonar, og som no gir milliardinntekter til det sveitsiske legemiddelfirmaet som har patentet.

CC BY-SASkrive av SABIMA, Kristin Bøhle og Ragnhild Baglo.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2021

Læringsressursar

Biologisk mangfald