Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om biologisk mangfald

Desse oppgåvene tek for seg dei viktigaste temaa i emnet biologisk mangfald.
Sommarfugl sit på blomster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Biologisk mangfald

  1. Kva betyr omgrepet biologisk mangfald?

  2. Kva nivå av biologisk mangfald finst?

Oppgåve 2. Faktorar som påverkar det biologiske mangfaldet

  1. Kryss av for faktorane som bidreg til biologisk mangfald.

  2. Forklar kvifor dei enkelte faktorane bidreg (eller ikkje) til biologisk mangfald.

Oppgåve 3. Biologisk mangfald

  1. På kva måte kan det vere gunstig for det biologiske mangfaldet at gamle tre eller vindfall får vere igjen på ei hogstflate?

  2. Det er kjent at små øyer som ligg langt frå fastlandet, har mindre biologisk mangfald enn større øyer som ligg nær fastlandet. På kva måte kan dette overførast til betydninga habitatøydelegging og habitatfragmentering har for biologisk mangfald?

  3. Nedgangen i biologisk mangfald frå ekvator mot polane er eit velkjent mønster i økologien. (Slike gradvise endringar blir kalla gradientar.) Dette gjeld summen av alle artar. Kjenner du til nokon artsgrupper som viser eit anna mønster?

  4. Kjenner du til nokon naturtypar med stort biologisk mangfald i nærleiken av der du bur? Kva trur du er årsaka/årsakene til det store mangfaldet i desse habitata?

  5. Kva område har størst artsmangfald: ein tropisk regnskog eller ein arktisk tundra? Kvifor er det slik, trur du?

  6. Under ser du bilete av to landskap med ulik karakter. Kvar trur du det er størst biologisk mangfald, og kvifor er det slik?

    To landskapsbilete ved sida av kvarandre. Landskapet til venstre viser eit tjern omgitt av skog. Landskapet til høgre viser eit høgfjellsområde med vier og lyng. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
  7. Under ser du bilete av to typar skog, regnskog og granskog. Kvar trur du det er flest insektartar? Grunngi svaret ditt.

Bilete av regnskog og bilete av granskog sette saman til eitt bilete. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 4. Konkurranse

Bruk figuren under til å forklare korleis konkurranse kan verke positivt inn på det biologiske mangfaldet.

Forsøk å bruke så mange som mogleg av følgjande omgrep:

  • nisje

  • habitat

  • intraspesifikk konkurranse

  • interspesifikk konkurranse

  • nisjeseparasjon

  • samspel

  • ressursar

  • byttedyr

Oppgåve 5. Truslar mot mangfaldet

Lag ei oversikt over dei viktigaste truslane mot det biologiske mangfaldet. Oversikta bør omfatte

  • kva trusselen er

  • kvifor dette er ein trussel mot mangfaldet

  • kva vi kan gjere for å kjempe mot trusselen

Oppgåve 6. Oppdeling av habitat

Lag ein passande bilettekst til dette biletet. Bruk omgrep som habitat, areal, arealendringar og genetisk mangfald.

Gule felt med ikon av hjort og tre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 7. Argument for å ta vare på det biologiske mangfaldet

Argument for å ta vare på det biologiske mangfaldet kan sorterast i fire grupper. Plasser argumenta i riktig boks.

Oppgåve 8. Korleis kan vi ta vare på mangfaldet?

  1. Gi døme på korleis ulike aktørar kan bidra for å ta vare på natur og biologisk mangfald:

    • internasjonale organisasjonar

    • regjeringa i Noreg

    • fylkeskommunen og kommunen

    • frivillige organisasjonar

    • privatpersonar

  2. Diskuter. Kven har ansvaret for å ta vare på det biologiske mangfaldet?

Oppgåve 8. Artsmangfald

To firkantar med avrunda hjørne. Den eine har namnet "gruppe A" og inneheld rådyr, gråsporv, snigel og grantre. Den andre har namnet "gruppe B" og inneheld ramn, gråsporv, måse og gjerdesmett. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva meiner vi med artsmangfald?

  2. Korleis kan vi måle og talfeste artsmangfaldet i eit område?

  3. Det er like mange artar i gruppe A som i gruppe B. I kva gruppe er det biologiske mangfaldet størst? Forklar.

  4. Kva er ein indikatorart?

  5. Korleis kan indikatorartar brukast for å overvake det biologiske mangfaldet?

Oppgåve 9. Arealendringar i ein kommune

Sommarfugl med blå venger sit på blomster. Foto.

Klippeblåvenge er ein sommarfuglart som ifølgje Artsdatabanken er kritisk trua. Det er sannsynlegvis arealendringar som utbygging og attgroing som er årsaka til arten sin tilbakegang.

Tenk deg at du jobbar som saksbehandlar i ein kommune og får ein søknad om vidareutbygging av eit eksisterande bustadfelt. Den lokale naturvernforeininga hevdar dei har observert klippeblåvenge i det aktuelle området, men denne observasjonen er ikkje stadfesta.

Finn ut kva naturmangfaldslova seier, og vurder dei ulike scenarioa under.

Lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfaldslova) hos lovdata.no

  1. Det er sannsynleg at det finst klippeblåvenge i kommunen, men kartlegging er ikkje gjennomført, og funn er ikkje påviste. Kommunen treng dei nye bustadene raskt, fordi mange står i bustadkø og ein ny runde med planlegging vil føre til endå lengre venteliste. Kommunen innvilgar søknaden.

  2. Etter kartlegginga er det ikkje registrert trua artar eller trua naturtypar i det planlagde byggjeområdet. Kommunen innvilgar søknaden.

  3. Det blei registrert klippeblåvenge i nærleiken av det planlagde byggjeområdet i fjor sommar, men ikkje i det aktuelle området. Kommunen innvilgar søknaden.

  4. Ein biolog fann i fjor fleire eksemplar av den sterkt trua klippeblåvenga i det planlagde byggjeområdet. Kommunen seier nei til vidare utbygging.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin, Hanne Hegre, Kristin Bøhle og Ragnhild Baglo.
Sist fagleg oppdatert 04.08.2021

Læringsressursar

Biologisk mangfald