Artskonkurranse!
Del klassen inn i lag. Kvart lag skal bestå av to til fire elevar.
Innanfor laga skal elevane samarbeide om å finne døme på artar som passar til beskrivingane, og sanke flest mogleg poeng. Kvart lag får delt ut eit ark med beskriving av alle artane dei skal samle døme på.
Det laget som finn flest rette artar, vinn konkurransen og blir klassemeistrar i artsbestemming!
Bruk mobiltelefon!
Vi tilrår at de bruker mobiltelefonen til å ta bilete av artane de finn, i staden for å samle dei inn. På den måten tek vi betre vare på artsmangfaldet og forstyrrar ikkje økosystema meir enn nødvendig,
Reglar!
Det er viktig at laget samarbeider.
Det er ikkje mogleg å bruke same art som døme på fleire beskrivingar.
Artane må kunne dokumenterast med bilete.
Poengberekning
Bruk gjerne eit poengsystem som gir fleire poeng for artar det kan vere vanskeleg å finne. Døme: Artar det er lett å finne, kan gi 1 poeng. Artar det er vanskeleg å finne, kan gi 3 poeng.
Forslag til poeng står i parentes bak kvar beskriving:
1, 2 eller 3 poeng.