Hopp til innhald

Fagstoff

Samandrag – biologisk mangfald

Dette samandraget gir deg oversikt over det viktigaste fagstoffet i emnet biologisk mangfald.
Frodig skog langs elv med brunfarga vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biologisk mangfald

Biologisk mangfald er mangfaldet av

  • gen i ein populasjon
    (Den genetiske variasjonen gjer at arten kan tilpasse seg leveområdet sitt.)

  • artar i eit område
    (Kvar enkelt art er tilpassa miljøet på sin spesielle måte. Derfor kan talet på og samansetjinga av artar i eit område fortelje oss om naturen i området er frisk og intakt.)

  • leveområde og økosystem
    (Eit rikt mangfald av økosystem og naturtypar er ein føresetnad for eit stort artsmangfald, fordi det gir mange og varierte leveområde for artar som stiller ulike krav til miljøet.)

Faktorar som bidreg til biologisk mangfald

Variasjonen i mangfaldet vi observerer, kjem av ein kombinasjon av fleire ulike faktorar:

  • tid til at evolusjon kan finne stad

  • storleik på leveområde

  • energi og produktivitet

  • variasjon i habitat og nisjar

  • samspel mellom artar

  • grad av forstyrringar/miljøendringar

 Verdskart med område i ulike fargar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor er det viktig å ta vare på det biologiske mangfaldet?

Argument for å ta vare på det biologiske mangfaldet blir delte inn etter om argumenta er

  • økologiske
    (Alle artar inngår i eit økologisk samspel.)

  • økonomiske
    (Mange artar har ein økonomisk verdi for oss.)

  • etiske
    (Alle artar har ein verdi uavhengig av nytteverdi for oss.)

  • estetiske
    (Skjønnheita til naturen gir gode oss opplevingar.)

Truslar mot biologisk mangfald

Mangfaldet av artar, økosystem og naturtypar er under press. Dei viktigaste truslane er

  • arealendringar

  • forureining

  • klimaendringar

  • framande artar

  • jakt

Måle biologisk mangfald

  • Det enklaste målet på biologisk mangfald er talet på artar.

  • Førekomsten av indikatorartar kan seie noko om det biologiske mangfaldet i området. Indikatorartar er artar som er lette å kjenne igjen og avgrense, og som i tillegg har ei tydeleg tilknyting til eit bestemt miljø.

Korleis kan vi ta vare på mangfaldet?

  • For å ta vare på det biologiske mangfaldet må vi samarbeide på fleire nivå: land, fylke og kommunar.

  • Det finst mange avtalar, lover og planar for å sikre det biologiske mangfaldet.

  • I tillegg kan frivillige organisasjonar og enkeltpersonar som du og eg påverke måten vi bruker naturen på.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 03.08.2021

Læringsressursar

Biologisk mangfald