Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder artsmangfaldet

I denne oppgåva skal du samanlikne artsmangfaldet av blomsterplantar på tre ulike enger.
Tre rammer (A, B og C) som inneheld ulike blomstertypar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Problemstilling

Sju teikna døme på artar til bruk i denne oppgåva. Illustrasjon.

Som du ser på biletet til høgre, finst det totalt sju ulike artar. Dei tre øvste artane er fjerne slektningar og høyrer til ulike plantefamiliar. Dei er òg fjernt i slekt med dei fire nedste artane, som alle høyrer til same planteslekt. Artane er fordelte på dei tre engene A, B og C, slik du ser i figuren over.

Det enklaste målet på artsmangfald er talet på artar. Dette blir òg kalla artsrikdom.

Oppgåver

  1. Sjå på biletet med dei tre ulike blomsterengene A, B og C. Kva for ei eng ser ut til å ha størst artsmangfald?
  2. Finn artsrikdommen i kvar av blomsterengene A, B og C. Kva for ei blomstereng har størst artsrikdom? Fekk du det same svaret som i oppgåve 1? Viss ikkje, kan du forklare kvifor?
  3. Kva andre faktorar enn talet på artar påverkar kor stort artsmangfaldet er i desse blomsterengene?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2021

Læringsressursar

Biologisk mangfald